annonse

«Leveggar, vindmøller og skulebruksplanen til Fitjar»

Folkemøte
Folkemøte: Kor er visjonane? Korleis kan Fitjar kommune bli attraktiv å bu i dersom fokuset er kostnadskutt og ikkje inntektsauke? spør Ingrid Sundal i kjølvatnet av folkemøtet i Fitjar kultur- og idrettsbygg førre veke. (Foto: Kjetil Østrem)

  • Meiningar

Kjetil Østrem skriv i bladet Sunnhordland at folkemøtet om skulebruksplanen som var arrangert i Fitjar aldri tok heilt fyr. Mogeleg det – men det betyr ikkje at det ikkje var engasjement. Innlegga frå salen var alle saklege, godt formulerte og godt grunna.

Eg beit meg merke i at rådmannen opna møtet med eit kinesisk ordtak: Når forandringas vind blåser, byggjer nokon levegg, medan andre byggjer vindmøller.

Dette var flotte ord som kunne tyda på at administrasjonen hadde store vyar om framtida til fitjarskulen. Eg vart både oppglødd og spent på å høyra kva dei hadde funne på, noko måtte jo ha skjedd frå den nye skulebruksplanen vart lagt ut på nett – med planar om å leggje ned to gode grendeskular – og fram til dette opne møtet. Men eg vart skuffa.

Kor vart det av vindmøllene i denne nye skulebruksplanen? Eg kunne berre sjå leveggar.

Er det å byggje vindmøller at ungane våre skal få lov å sitja på bussen 1,5 time kvar dag – medan vi foreldre er «heilt trygge» på at dei vert godt passa på av bussjåføren?

Er det å byggje vindmøller at Dåfjorden og Øvrebygda vil bli mindre attraktive å bu i? For Dåfjorden sin del er det heilt sikkert familiar som vil flytta vekk – og då til Stord kommune – som er nærare arbeidsplassane til dei aller fleste som bur her.

Er det å byggje vindmøller å bruke 11 millionar på å utvide Rimbareid skule, slik at den er stor nok til å ta imot det talet på elevar som administrasjonen meiner vil vera realistisk, sjølv om Statistisk sentralbyrå og historiske tal viser at elevauken vil bli større?

Er det å byggje vindmøller å ha større fokus på kostnadskutt enn på inntektsauke?

Og er det å byggje vindmøller å setja auke av skattar og avgifter som første punkt på «inntektsauke-lista»?

Kor er visjonane? Korleis kan Fitjar kommune bli attraktiv å bu i dersom fokuset er kostnadskutt og ikkje inntektsauke? Dersom Fitjar kommune vel å ha ein visjon om eit auka innbyggjartal, vil dette sjølvsagt vera med på å gje kommunen ein inntektsauke. Den litle grenda Dåfjorden har stått for over halvparten av folketalsauken i Fitjar kommune i løpet av dei siste 18 åra. Grunnen til at folk har valt å flytte til Dåfjorden er flott natur, nærleik til sjøen og billige tomter, og ikkje altfor lang avstand til arbeidsplassen – som for dei fleste ligg på Stord. Men at det er ein skule her ute har sjølvsagt vore heilt avgjerande for at vi har busett oss her. Får vi behalda grendaskulane, og Dåfjorden Næringsforum få fortsetja sitt gode arbeid med å utvikla bygda vil denne auken fortsetja dei neste åra. Dette skjer ikkje dersom skulen blir lagt ned.

Håper politikarane nok ein gang kan sjå dei reelle konsekvensane av å leggja ned grendaskulane.

Ingrid Sundal

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut