annonse

Litt om sykkel og litt om ferjer

Sykkelby?
Sykkelby?: Viss Fredrik Litleskare sine utsegn skal vera tenkjemåten, då må Stord slutta å kalla seg for sykkelby, skriv Gisle Tjong. Her frå barnerittet på Tour des Fjords. (Foto: Henrik Mundal Andreassen)

  • Meiningar

Fredrik Litleskare vil ikkje at det skal brukast mykje pengar på gang- og sykkelvegar. Kall det skulevegar, det er der trongen er størst.

Dette kom fram i intervju med politikar-veteranen i Sunnhordland nyleg.

Viss dette skal vera tenkjemåten, då må Stord slutta å kalla seg for sykkelby, i alle fall. Andre stader, der ein tek dette med å vera sykkelby litt meir på alvor, der sponsar kommunen alle som kjøper el-sykkel, viss dei lovar å bruka sykkelen, i staden for bil, til og frå jobben. Og generelt så mykje som råd er, elles. Det varierer kor stort beløp det er snakk om, det meste eg har høyrt om, det er 5000 kroner.

Når det gjeld Kvinnherad-sambandet, er det viktigaste at ferja går til Sunde. Gjerne til Ranavik og, men eventuelt ingen bilar med mellom Sunde og Ranavik, begge vegar. Det siste av omsyn til Halsnøy-tunnelen. Men folk som ikkje skal til Halsnøy, skal ikkje måtta køyra over øya, og gjennom tunnelen. Viss økonomien i så fall kollapsar, får staten gå inn med dei nødvendige midlane. Generelt tek staten ein altfor liten del av kostnadane ved denne type fastlandssamband-prosjekt. Byråkratane må læra seg å rekna, det er eigentleg så enkelt. Me har mange slike døme, i heile landet.

Gisle Tjong

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut