annonse

Lokaldemokrati

Andrekandidat
Andrekandidat: Tore Roth Blokhus. (Foto: Privat)

  • Meiningar

Raudt er for eit sterkt lokaldemokrati. Det inneber at innbyggjarane får reell moglegheit til å delta i avgjersler som gjeld kvardagen og livsvilkåra deira.

For Raudt Stord betyr dette at me vil lytte til og utforme politikken saman med dei som blir berørt av avgjerdslene, og saman med dei tilsette og deira tillitsvalde.

Raudt meiner dei beste avgjerslene tas nært folk. Derfor er me mot kommune- og regionsreformene som konsentrerer den politiske makta i Noreg på færre hender. Me meiner ingen kommunar eller fylke bør bli slått saman med tvang, og heller ikkje utan at det er godkjent gjennom folkerøysting i kvar av dei berørte kommunane eller fylka. Fleire folkevalde nivå skaper større avstand mellom dei som styrer og folk flest. Det skal vere mogleg å forstå polikken lokalt, og vite kven som er avsvarleg for det som skjer.

Raudt ønskjer eit desentralisert Noreg med levande distrikt. For å lukkast med dette må me sørge for likeverdige tenestetilbod over heile landet. Raudt meiner at staten skal fullfinansiere oppgåver som blir overført til kommunane. Me meinar at viktige offentlege tenester bør løysast nærmast mogleg befolkninga dei er til for. Derfor har Raudt vore aktiv i kampen mot nedleggingar av lokalsjukehus over heile landet dei siste åra.

Rose Maiken Flatmo,
1.-kandidat Raudt Stord

Tore Roth Blokhus,
2.-kandidat Raudt Stord

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut