annonse

Lova er for alle

Jurist
Jursit: Christoffer Naustvåg Lillestøl. (Foto: Marie Knutsen Bruntveit / arkiv)

Heile livet vårt er gjennomregulert av lovar og reglar – og det vert stadig fleire av dei. Men korleis kan me vita kva slag paragrafar som gjeld oss? Livet vert enklare dersom me kjenner til kva slag rettar og plikter lovene gjer oss, skriv Christoffer Naustvåg Lillestøl.

  • Meiningar

Heldigvis finst det juristar i dei fleste deler av samfunnet som kan hjelpe. Gode råd treng ikkje vera dyre, heller.

Me møter jussen i ei rekke livssituasjonar. Det kan vera ein gjeng skuleelevar som skal gå saman om å kjøpe russebuss. Korleis sikrar dei seg mot å bli lurt av seljaren? Kven har erstatningsansvaret dersom noko skjer med bussen?

Dersom ei gammal tante har gått bort, kva for reglar gjeld for arveoppgjeret? Kven skal ha kva og kven bestemmer? Kan du berre ta med det måleriet tante lovde deg for nokre år sidan?

Eller kva med treet til naboen som har vekst seg digert og lagt terrassen din i skuggen? Kan du gå på med motorsag, eller kan du krevje av naboen at han lar øksa gå? Har det noko å seie at greinene heng langt over gjerdet og inn på eigedommen din?

Naturlegvis kan du lese Norges Lover på eiga hand, men lovtekstane sjølve utgjer berre ein del av regelverket som gjeld. Det er difor juristane er gode å ha. Lov- og regelverket er imidlertid svært omfattande, så ingen juristar er spesialistar på alt.

Advokatane er nærliggjande å ty til. Dei fleste er langt frå så kostbare å få råd av som mytane tilseier. Det kjem an på kor stor og vanskeleg saka di er. Og aller viktigast; kor tidleg ute du er.

Men du kan også søke råd hos juristar i ein relevant offentleg etat. Dei er forplikta til å gje deg råd, og dette er gratis. Mange synest imidlertid det er vanskeleg å vite kor dei bør venda seg.

Difor vel medlemmer av Juristforbundet frå både offentleg og privat sektor å gje gratis råd og rettleiing til publikum éin dag i året. Juristdagen er i år lagt til laurdag 16. september.

I Sunnhordland er Juristdagens stand plassert på Leirvik torg kommande laurdag. Her vil du møta advokatar og juristar som har sitt daglege virke i Sunnhordlandsregionen og som denne dagen vil bidra til å senkja terskelen for å ta kontakt i forbindelse med juridiske spørsmål. Du er hjarteleg velkommen til å slå av ein prat med oss!

Christoffer Naustvåg Lillestøl,
på vegner av Sunnhordland Juristnettverk

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.