annonse

«Løyser ein flyktningekrisa med å leggja ned asylmottak?»

Innvandring
Innvandring: «Sjølvsagt kostar det å legge til rette for folk som kjem med to tomme hender. Men dei fleste blir veltilpassa innbyggjarar, med jobb og aktiv samfunnsdeltaking», skriv Kjellbjørg Lunde (SV). Her ser me Litlabø mottak. (Foto: Marius Knutsen)

  • Meiningar

Den lokale FpU-leiaren hadde nyleg eit innlegg i Sunnhordland der han tek til orde for at vi ikkje skal ta i mot asylsøkjarar, legge ned asylmottaka og heller hjelpe flyktningar «der dei er».

Han meinar at velferdstaten vil «gå adundas» p.g.a. flyktningane og at kriminalitet utført av flyktningar og innvandrarare, er eit trugsmål mot oss alle. Påstanden er at innvandring vil koste skattebetalarane dyrt, difor må vi tetta grensene våre enda meir. Ved selektiv bruk av statistikk, teke ut av sin samanheng, prøver han å overtyde oss om at dette er vegen å gå.

Å framstille konsekvensane av innvandring slik, er vanleg blant innvandringsfientlege, høgreradikale krefter i alle land. Det å utpeike «syndebukkar», gi all skuld til desse «andre» for manglar i samfunnet, er velkjendt propaganda. I mellomkrigstida var det jødane som hadde hovudrolla i så måte, saman med romfolk, utviklingshemma og visse andre folkegrupper. Resultatet kjenner vi; masseutrydding og krig.

Etter 2. verdskrig prøvde ein å bygge siviliserte samfunn, fundert på dei grunnleggande menneskerettane. Klok av skade blei det slått fast at alle menneska er likeverdige, har dei same rettar til eit trygt og godt liv, uavhengig av rase, kjønn, seksuell legning, religion eller kva sosial bakgrunn ein har. Ein har rett til vern frå krig og undertrykking, og rett til å kunne søkje om asyl.

Diverre står denne retten no i fare. Under påtrykk frå den ekstreme høgresida blir det stadig vanskelegare for folk på flukt å få vern og hjelp til å kunne skape seg eit trygt liv. Solidaritet blir erstatta med egoisme. Skremselspropagandaen verkar.

Korleis er så t.d. kriminalitetsutviklinga i vårt land? Statistikken viser at kriminaliteten generelt går ned. Men organisert kriminalitet, økonomisk- og arbeidslivskriminalitet, og det som har med narkotika og ulovlege stoff å gjere, samt menneskehandel, viser ei alvorleg utvikling. Når det er utanlandske bandar involvert, er dette folk frå våre naboland som har fri ferdsel over landegrensene som fylgje av EU/EØS-avtala. Det er ikkje dei som er «langt vekke i frå» og kjem her som flyktningar, som står for denne alvorlege kriminaliteten. Der unge med flyktningebakgrunn er involverte, er det med ei kriminell åtferd som har si årsaka i dei same grunnar som denne type kriminalitet har i alle samfunn. Dette er unge menn som er marginaliserte, utanfor og fattige, og har mista trua på at dei vil kunne skape seg eit godt liv gjennom arbeid og del av majoritetssamfunnet, Forebygging av dette er utjamning av forskjellane i samfunnet og vellukka intergreringsarbeid. Men innvandrarbefolkninga generelt er meir lovlydig enn majoriteten.

Så til påstanden om at flyktningar og innvandrarar er eit samfunnsmessig tapsprosjekt. Statistikk kan brukast til så mangt. Sjølvsagt kostar det å legge til rette for folk som kjem med to tomme hender. Men dei fleste blir veltilpassa innbyggjarar, med jobb og aktiv samfunnsdeltaking. Nokre treng lengre tid enn andre, og nokre kommunar er flinkare enn andre i integreringsarbeidet. Men faktum er at vi må ha innvandring for å oppretthalde velferdsstaten vår, det blir ikkje fødde nok folk her, verken i vårt land enn i dei fleste andre europeiske land. Og folk er folk, uavhengig kvar dei kjem frå, nokre med tyngre bør enn andre, men alle med eit potensiale for å bli gode samfunnsborgarar.

FrP meinar at vi skal hjelpe dei «der dei er». Alle som har eit minimum av kunnskap om korleis tilstanden er «der», veit at flyktningeleiarar er overfylte, og mange må leve lenge under uverdige og elendige tilhøve. Nokre tusen er internerte i årevis i våre nærområde, bl.a. i Hellas, utan verken å komme seg vidare eller tilbake «der dei kom ifrå». Hjelpeorganisasjonane får berre ein brøkdel av dei midlande dei treng for å gi folk menneskeverdige vilkår, land etter land stenger sine grenser for folk på flukt. Då skulle vi tru at eit parti som FrP, som ropar høgast om hjelp «der dei er», er dei fremste til å løyve midlar til dette. Slik er det ikkje!

Og til skremselen om auka skattebyrde for «oss», om vi ikkje tettar grensene for «dei andre». FrP er med i ei regjering som i åra i maktposisjon har gitt skattekutt tilsvarande mange milliardar til dei aller rikaste, mens lova lågare skattar til folk med vanlege inntekter, har det blitt mindre av. Regjeringa har kutta i ytingar til dei som treng det mest; uføretrygda og sjuke, og kommunane har fått mindre til innbyggjarar med særlege behov. Ulikskapen i samfunnet er blitt større under denne regjeringa, noko folk flest seier dei ikkje likar.

Då er det vel behov for nokre «syndebukkar» for å få merksemda vekk frå den urettferdig politikken. Ein politikk som dei fleste veit undergrev dei verdiane vårt samfunn er tufta på; solidaritet og likeverd.

Kjellbjørg Lunde (SV)

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut