annonse

Lukke til med satsinga, Geir Skeie!

SATSING
SATSING: Geir Skeie satsar stort på norsk laks. (Foto: MARIUS KNUTSEN, ARKIV)

  • Leiar

Norsk laks er det me skal leva av etter olja, vert det hevda. Om det stemmer kan ikkje me slå fast, men meisterkokk Geir Skeie frå Fitjar har iallfall stor tru på norsk laks. Denne veka lanserte han ei ny kjede som skal byggja opp hurtigmatrestaurantar over heile verda som serverer norsk laks. Hovudkontoret er alt på plass i Oslo med sju tilsette, og onsdag opna dei den første Pink Fish-restauranten på Steen & Strøm i hovudstaden. Alt som blir servert er eigenprodusert, og Skeie har sjølv laga oppskriftene.

Saman med medgründer og adm.dir. Ronny Gjøse, og investor og styreleiar Svein Sandvik, er planen å opna ti nye restaurantar i Norge i løpet av neste år, og i 2019 skal konseptet ut i den store verda. Målet på lang sikt er å oppretta minst tusen liknande hurtigmatrestaurantar rundt om i verda som serverer rosa fisk. Øvst på ønskelista står London og Søraust-Asia.

Sjømat er den sterkast veksande proteinkjelda i verda, og det er stor underutvikling innan serveringskonsept som spesialiserer seg på sjømat. Mitt store ynskje har alltid vore å laga god sjømat til folk. Det er også målet med Brygga 11, som no blir drive frå tre stader. Pink fish er mitt nye konsept, utvikla for å gjera sjømat endå meir tilgjengeleg, særleg for yngre kundar, seier Skeie i ei pressemelding som vart sendt ut denne veka.

Svein Sandvik og familien har i alle år støtta og sponsa Geir Skeie. Det har ført til gull før. Me ser ikkje bort frå at det kan føra til gull også denne gongen. I så fall vil det vera ein av dei største suksessane frå Sunnhordland gjennom tidene. Eit spennande konsept og ei tøff satsing, og me ønskjer lukke til!

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut