annonse

«Må læra oss å ha to tankar i hovudet samtidig»

Undrar seg
Undrar seg: Gunnvald Bjotveit lurer på kvifor Bømlo kommune skal heisa regnbogeflagget for eit arrangement i ein nabokommune. Her vaiar regnbogeflagget på Stord rådhus, i samband med fjorårets Storapride. (Foto: Magne Kydland)

  • Meiningar

I Bømlo-nytt laurdag 1. juni vert det referert til ordførar Odd Harald Hovland sin positive vilje til å flagga med regnbogeflagget ved Bømlo rådhus i samband med Storapride 11. august. Hans gode vilje skal vi skjøna. Men i den samanheng er det noko som undrar meg:

1. Er ikkje ordføraren kjend med at Lov av 10.12 1898 berre gjev løyve til å nytta norsk flagg, sameflagget og kommune- og fylkesflagg ved offentlege bygningar som rådhus o.l.? Det er endå til nemnt straffeutmåling for brot på denne lova. Mange kommunar har skjøna dette, og avstått for flagging med regnbogeflagget.

2. Og om det elles skulle vera lovleg, er det då naturleg, vanleg praksis at vi flaggar ved offentlege bygningar når nabokommunar har store arrangement og flaggar hjå seg? Vi er jo ikkje ein del av Stord! Kan vi då rekna med at Bømlo kommune flaggar når Indremisjonsamskipnaden har sitt store årsmøte på Stord i helga 15.–16. juni i år? Om ikkje vert det gjort forskjell. NMS Sunnhordland område skal ha årsmøte/områdestemne i august 2020 på Stord. Kan vi rekna med flagging då?

3. Altfor ofte og på mange simple måtar har menneske som er homofile og lesbiske vore utsette for hets og sjikane både frå kristne og politikarar. Det tek vi sterkt avstand frå. Dei har krav på å verta verdsette som fullverdige menneske og elska som alle andre. Men fordi om vi vil stå opp for deira rettar og verdi, må vi ikkje vera samde med dei i alle deira val. Det går godt an å vera ven med ein homofil og vera glad i han/henne og visa respekt for deira val, utan å gje avkall på eiga overtyding. Vi må læra oss til å ha to tankar i hovudet samtidig, sjølv om det kan vera krevjande.

4. Ein sekulær stat må finna løysingar for menneske sitt samliv og gje dei gode rammer og ordningar for eit stabilt samliv. Òg for homofile og lesbiske. Sjølv om mange opplever det vanskeleg med den ordninga vi no har, at eit slikt forpliktande samliv kallast ekteskap. Partnerskap kunne gjerne vore ei grei ordning.

5. Pridefestivalane opplevest og vil gjerne stå fram for å vera ein kamp for retten til å inngå slike ekteskap. Folk flest synest dette er bra. Menneske som har kjempa for sine rettar og vorte forakta, mobba og undertrykt, kan endeleg få vera seg sjølve, utan frykt og fordomar. Det kan høyrast fint ut. Men Pride er noko mykje meir. Eit av slagorda er «Alt er lov(e)». Verkemiddel og framtoning er forkynnande: Kjønn er berre eit val og partnarar er noko ein kan ha så mange av som ein berre ynskjer og skifta ut etter kvart. Vi trur ikkje dette føre med seg noko positivt, korkje for den einskilde eller fellesskapet.

6. Eg vil undra meg om Bømlo kommune vil stilla seg bak ein slik ideologi. Eg opplever at det bryt med dei gode verdiane som har bygd Bømlo og som er limet i fellesskapa både i kyrkja og i samfunnet vårt elles.

7. Saman har vi ein jobb å gjera. Det er blitt delt med meg at nokon born og ungdom her på Bømlo vert mobba og utestengde på skule og i ungdomsmiljø og kalla homo og liknande om dei har slik legning eller ikkje. Det er hjarteskjerande og uverdig. Her må vi stå saman og verna om kvar sin verdi. Eitkvart menneske har krav på å verta verna om og elska for det det er.

Gunnvald Bjotveit,
Foldrøyhamn

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut