annonse

«Må sjølve ta ansvar for at dei har komme i uføre»

Hadde ikkje løyve
Hadde ikkje løyve: «Utbyggjarane starta bygging før dei hadde dei naudsynte løyve på plass, og såleis sjølve må ta ansvar for at dei har komme i uføre», skriv Kjellbjørg Lunde (SV). Her ser me Fronta-sjef Kurt Arne Tyse i dei tiltenkte Biltema-lokala. (Foto: Marius Knutsen)

  • Meiningar

Heiane Vest AS v/Leif Trygve Nilsen og Knut Arne Tyse let vere å nemne eit viktig element i si oppsummering av Biltema-saka i Sunnhordland 31. august. Nemleg det faktum at utbyggjarane starta bygging før dei hadde dei naudsynte løyve på plass, og såleis sjølve må ta ansvar for at dei har komme i uføre.

Når kommunen ynskte å gi løyve til etablering, noko som Fylkesmannen meinte var i strid med vedteken overordna plan for området, er det er fordi det er denne institusjonen som er gitt mynde til å sjå til at nasjonalt vedteken politikk blir etterlevd i kommunane. Saksbehandlinga og ankeprosessen har gitt Fylkesmannen medhald i si lovtolking.

Kommunen har stilt seg på utbyggjarane si side i saka, og meiner at denne etableringa kan tolkast innanfor det føremålet som ligg i vedteken plan for Heiane Vest.

Første forsøk på å få departementet og politisk leiing der til å overprøve Fylkesmannen si avgjerd, mislukkast. Det var ikkje grunnlag for å overprøve Fylkesmannen si avgjerd.

Når dei no likevel vil sjå på saka, har nok med det politiske presset å gjere, og at høgrestatsråden ser seg politisk tent med å fråvike vanlege prosedyrar og eige regelverk, om ho gir løyve, noko eg trur, sidan ho har akseptert å behandle saka.

Utbyggjarane tek feil når dei påstår at dette er «ei sak som i all hovudsak handlar om Fylkesmannens prinsipp og maktmarkering framfor sunn fornuft», som dei skriv i innlegget. Fylkesmannen har ikkje anna makt og mynde enn det han er gitt av regjering og Storting. Embetet har plikt på seg til å sjå til at innbyggjarane sin rettstryggleik blir ivareteken, at det m.a. ikkje skjer forskjellsbehandling. Kort og godt; passe på at norsk lov og politiske vedtak blir fylgt opp på ein korrekt måte. Ein autoritet vi kan vere glade for er til stades i heile landet, når bl.a. interessentar med sterke økonomiske motiv, pressar på for å få det som dei vil.

Kjellbjørg Lunde,
Stord SV

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut