annonse

«Må utforska fornybare energiløysingar og grøn teknologi»

Verdas miljødag
Verdas miljødag: Johannes Kristian Landmark i Stord Sp står klar på torget på Leirvik 15. juni for å markera verdas miljødag. (Foto: Henrik Mundal Andreassen)

  • Meiningar

Onsdag 5. juni var det Verdas miljødag. I over 30 år har Senterpartiet markert denne dagen med stand på torget. Der set me fokus på årets tema og på sal av kortreiste jordbruksprodukt. I år er tema luftforureining. Me kan ikkje slutta å pusta. Kvart år døyr om lag 7 mill. menneske grunna forureina luft og luftforureining. Forureininga på bakkenivå kan koma til å redusera avlingane for basismatvarer med 26 prosent innan 2030 om ein ikkje får ned luftforureininga. Slik ser me at det er ei fare både direkte for menneske, men og indirekte ved at avlingane minkar grunna ureininga.

Med Verdas miljødag 2019 ynskjer me å oppfordra verdas leiarar, regjeringar, industri, lokalsamfunn og individ til å koma saman og utforska fornybare energiløysingar og grøn teknologi. Slik kan me vera med på å forbetra luftkvaliteten i byar og regionar over heile verda.

Stord Senterparti har etter kvart opparbeidd ein lang tradisjon der me har vist fram, og selt kortreiste nytte- og prydplanter på Miljødagen. Inntekta har me og alltid gitt til eitt eller fleire prosjekt i uland. I år er det bestemt at hjelpa skal gå til eit prosjekt Utviklingsfondet har i Vest-Nepal. Nepal er eit av dei landa i verda som er mest sårbart for luftforureining og klimaendringar. Landet har fleire gongar blitt ramma av naturkatastrofar som flaum, jordskjelv og skred dei siste åra. Når 68 prosent av folket i landet har levebrødet sitt knytta til landbruket, er dei og svært utsette for slike naturkatastrofar og det er dei som må bera dei største ofra.

Utviklingsfondet sitt hovudmål er fattigdomsreduksjon blant dei fattigaste av dei fattige. Dei arbeider med auka mattryggleik og betre ernæring og styrka tilpassingskapasitet til klimaendringar og risikoreduksjon mot dei nemnde naturkatastrofane. Arbeidet har som utgongspunkt å støtta, hjelpa og modernisera jordbruket der kvinner ofte er dei viktigaste.

Diverre hadde ikkje me høve til å markera Verdas miljødag onsdag 5. juni, men laurdag 15. juni vil du finna oss på Leirvik torg. Då vil me stå der med mange vakre nytte- og prydplanter frå Lønning. Av prydplanter må nemnast fiolar og stemorsblomar, mange artar frå bergknapp- og sildrefamilien og sist, men ikkje minst medisin- og myteplanta matrem. Den dag i dag blir matrem rekna som eit ypperleg middel mot hovudverk (migrene) og mentruasjonsplager. I farne tider blei ho nytta til mangt anna og som t.d kolikk og andre plager hos småborn.

Av nytteplanter vil me sjølvsagt ha eit svært godt utval av potetplanter. Sjølv om me er komne til 15. juni, skal ingen tru at ein er for seint ute til å få plantene til å gi gode avlingar når me kjem ut på ettersommaren og hausten. I tillegg vil du finna at me har både lauk, purre, grønkål, kålrot og andre kål og salatplanter. Og til slutt må nemnast jordbærplantene frå Lønning. Her er både den klassiske senga sengana og andre meir moderne sortar.

Velkommen til Leirvik torg laurdag 15. juni både for å sjå, slå av ein prat og ein triveleg handel! Også i år er det slik at for kvar krone me får inn, vil styresmaktene gi ni kroner til prosjektet me støttar.

Johannes Kristian Landmark,
Stord Sp

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut