annonse

Mange stryk på førarprøven

LEIAR
LEIAR: Sunnhordland oppmodar vordande sjåførar om å øvelseskøyra (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN/ARKIV)

  • Leiar

Éin av tre som køyrer opp med bil, stryk på førarprøven. Det melder NRK, som tidlegare i månaden også hadde ei sak om at mange køyreskular sender elevar som ikkje var ferdig utlærte til oppkøyring. Strykprosenten er høgast i Vest-Agder og Oslo, medan Hordaland plasserer seg sånn cirka midt på treet. Her stryk 29 prosent av dei som har oppkøyring. Stryktala har vore nokså jamne dei siste åra.

Statens vegvesen er ikkje særleg uroa over tala. Som seniorrådgjevar Lars-Inge Haslie ved vegvesenet si oppkøyringsavdeling seier: Me ville vore meir bekymra om 98 prosent klarte oppkøyringa. Han skulle likevel sett at statistikken var betre. At ein av ti stryk ville vore betre og meir normalt enn kvar tredje, meiner han.

Lokalt ved Stord trafikkstasjon er tala langt betre enn i Hordaland og landet elles: Her stryk «berre» ein av fem. Det er likevel eit nokså høgt tal. For eleven får det ein del konsekvensar: Ny førarprøve kostar 4.000 kroner, og ein må venta eit par veker før ein får prøva på ny.

Tala kan tyda på at mange ikkje er godt nok førebudde når dei skal opp til førarprøven. Kven som har skulda er ikkje godt å seia, men det er jo først og fremst kandidaten sjølv sitt ansvar, og som må betala for ekstra oppkøyring. Den beste øvinga får ein ved å øvingskøyra privat, med ein «L» festa bak på bilen. Vårt råd er å ta opplæring og ikkje minst mengdetreninga på alvor. Då stiller ein sterkare, både til oppkøyring, men ikkje minst når ein skal ut i trafikken på eiga hand.


Les også: Oppmodar til meir øvingskøyring


Les også: Ein av fem stryk på oppkøyringa


 

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut