annonse

«Mangt og mykje var enklare før enn no»

Humorist
Humorist: Halvard Wiik er i gang med historieforteljing igjen, og byr på seg sjølv i kjend stil. (Foto: Marius Knutsen / arkiv)

Høgrefoten sklei ut og eg havna i ein kombinasjon av magaplask og spagat midt på stovegolvet, skriv Halvard Wiik.

  • Meiningar

Før i tida, då ein t.d. skulle gjera seg rein etter hard arbeid, var det to ting som trongs; vatn og ei velrenommert såpe som Lano eller Sterilan. Eller skulle me steikja noko, så brukte me margarin eller meierismør. Dette klarde me oss godt med, men slik er det ikkje lenger.

Eg må innrømma at kona mi er flinkare enn meg til å ta i bruk nye alternativ som skal auka livskvaliteten vår. Ein kveld snakka me om at det kanskje ville vera helsefremjande å byta litt av smøret ut med olivenolje i matlaginga. Neste dag var kona mi og handla, og kom heim med fleire plastnett. Eg fekk jobben med å plassera sakene i hyller og skap, for ho ville ut å gå seg ein tur, eller trimma som det no heiter. Blant godsakene fann eg bl.a. både kyllingfiletar og ei grønaktig flaske som det stod «Olive, med 100 % ren olje» på. «Jaja», tenkte eg, «eg er ikkje den som trekkjer meg frå ei kulinarisk utfordring. Ho skal få kyllingfilletar steikt i olivenolje, pluss ris og grønsalat når ho kjem heim».

Eg slo rikeleg med olivenolje oppi steikepanna, og etter eit par minuttar begynte det å bobla, og så vart det ferdigkrydra kjøtet lagt oppi. Det vart ei frisk og god lukt, men det var veldig kor det tok ut. Olja kokte og freste meir og meir, og det laga seg etter kvart eit berg av boblar som vaks utover steikepanna, utover komfyren og heilt opp i kjøkkenvifta. Røyken eller dampen eller kva det no var, vart meir og meir intens. Så begynte brannalarmen å hyla noko forferdeleg. Eg hadde heldigvis så pass vet at eg kom på å slå av plata før eg stakk fingrane i øyrene og sprang hostande ut for å dra frisk luft. Der trudde eg nesten ikkje mine eigne auge. Ut av utblåsingsholet for kjøkkenvifta strøymde det såpeboblar i alle regnbogens fargar. Dei steig mot sky og forsvann i kåte kast med vinden i retning Fitjar sentrum. Etter kvart som ting roa seg, glytta eg inn igjen på kjøkkenet. Det meste såg faktisk greitt ut, til og med kyllingfilletane. Eg måtte sjølvsagt vaska komfyren og litt til, og det gjekk veldig lett.

Så kom stunda då me sette oss til bords. Kona smaka på retten og fekk rynker i panna. «Ja, det er ein litt framand smak», sa eg, «men det er jo gourmetmat veit du, steikt i olivenolja». Då såg ho på meg med store auge og peika: «Er du galen. Har du brukt den flaska der? Les på ho»: Eg følgde øyeblikkeleg instruksen slik eg pleier, og der stod det med lita skrift: «Fine liquid soap». Det forklarde det meste. Jaja, så vart det pølse attåt risen i dag. Kvifor i all verda kunne det ikkje ganske enkelt stått tydeleg på norsk, SÅPE?

Eit par veker seinare kom eg heim, sveitt og våt etter ei hard økt i vedaskogen. Kona var i gong med å førebu komlemiddagen. Eg skulle i dusjen slik at eg igjen kunne verta «havande i hus». Det teikna til å verta ein bra ettermiddag. Eg avduka min slitne lekam og steig inn i dusjen. Velværet spreidde seg i kroppen etter kvart som varmvatnet fløymde. Så var tida inne for å såpa seg inn. I gamle dagar hadde eg funne såpa i blinde, men slik var det ikkje no. Den moderne tid hadde til og med invadert dusjen. Der stod ei lang hylle med eit heilt batteri av flasker o.l. i alle fasongar og fargar. Kona mi hadde prøvd å læra meg at kvar flaske har sin misjon, og at det er svært viktig å ikkje ta feil. Eg hadde forstått så mykje som at kroppen er inndelt i tre hovuddelar når det gjeld vask. Hår og hovud, kropp, og det som er ca. på midten. Desse delane har ulike behov, og behova kan endra seg. T.d. dersom du vaskar for mykje med ein sjampo (det heiter ikkje lenger såpe) vert håret altfor tørt, så då må du ha klar ein annan sort som kan kompensera for det. Nokre av remediane er til og med parfyrmerte, og då sjølvsagt ulikt for kvinner og menn. Eit enkelt reknestykke tilseier då at i ein alminneleg heim for to godt vaksne menneske, må det vera minst 10-12 ulike flasker i beredskap til ei kvar tid. Og som om ikkje det er nok, på hylla nett utanfor står alt ein må klina seg inn med etter at ein nett har vaska seg rein. Eg må innrømma at alt dette gjekk langt over hovudet på meg – eg hugsa lite og ingenting av undervisninga eg hadde fått.

Jaja, eg stod våt og god i dusjen og skulle prøva å lesa meg fram til kva eg skulle begynna med, men det var sjølvsagt uråd. Skrifta på flaskene var uleseleg liten. Her måtte briller til. Det nytta ikkje å ropa på kona om hjelp, for ho stod på kjøkkenet med kjøkkenvifta og radioen på fullt. Litt småirritert labba eg inn i stova medan vatnet rann av meg. Brillene fann eg, men elles gjekk det som det måtte gå. Høgrefoten sklei ut og eg havna i ein kombinasjon av magaplask og spagat midt på stovegolvet, noko eg ikkje hadde prøvd på sidan tidleg på 60-talet. Braket trur eg tilsvarde ca 6,5 på Richters skala, og kona kom styrtande. «Ka e da so står på ?». Eg glefste attende: «Ser du dårleg? Det er ingenting som står – eg ligg flat». Etter kvart som eg begynte å røra på dei ulike lekamsdelane fann eg heldigvis ut at eg ikkje hadde fått varige mein. Medan eg kravla meg opp på alle fire i vassdammen min, iført briller og elles ingenting, spør kåno: «Ka va da du skulle?». Med eit blikk som ikkje nett vitna om «hengivenhet» og varme, svara eg iskaldt: «Eg skal lesa på flaskeposten din». Ho rista på hovudet og for ut til sitt og eg for inn i dusjen til mitt og begynte å lesa på flaskene. Eg forstod nesten ikkje ein døyt. Fem-seks ulike språk, og ingen av dei likna på norsk. Eg tenkte irritert «Skal ein måtta ha ordbok for å kunna dusja i dette landet?». Etter nærare studiar fann eg enkeltord som eg kjendest ved. «Calming bodyshower», måtte jo vera midt i blinken etter den opprivande opplevinga eg nett hadde hatt. «Mineral Beauty Hair System» høyrdest også brukande ut.

Endeleg, eg såpa meg inn frå topp til tå og kjende korleis roen igjen seig inn i kroppen. Men eg hadde litt dårleg samvit fordi eg hadde vore kvass i kommentaren til kona mi. Når berre me to er heime brukar me ikkje alltid å låsa baderomsdøra, og no banka det på. Eg svarde med mi mest smørblide stemme, «Kom berre inn». Baderomsdøra gjekk opp. Eg gnidde såperestane or augene, og der stod, ikkje kona mi, men ei heilt anna dame med ein potteplante i handa. Ho hylte og smelte igjen døra. Ute frå gongen ropte ho: «Eg har gått feil». Med skjelvande røyst stamma eg fram: «Berre gå inn på kjøkkenet til Olaug, du, så kjem eg snart». Eg tok ein ekstra Calming bodyshower, tørka meg, kledde meg og gjekk litt uroleg til sinns inn på kjøkkenet. Der sat dei to og konverserte litt anstrengt.

«Eg såg ingenting» utbraut dama spontant då eg kom inn. Eg visste ikkje heilt om eg skulle ta utsegna som ei fornærming eller ikkje, men fann det i alle høve klokast å ikkje forfølgja temaet vidare.

Tildragelsen hadde si heilt naturlege forklaring. Dama ville gje ein blomst som takk for ei beine eg hadde gjort. Kona mi hadde ikkje høyrt at det ringde på p.g.a. bråk frå kjøkkenvifte og radio. Den besøkjande hadde sett at det var folk på kjøkkenet og gjekk difor inn i gangen og inn det ho trudde var kjøkkendøra, men som altså viste seg å vera baderomsdøra.

Til jul nokre veker seinare fekk eg eit stort skilt som det stod BADEROM på. Det er viktig for oss pensjonistar å førebyggja uønska hendingar, så 1. juledags morgon vart skiltet montert.

Halvard Wiik,
Fitjar

Fekk du med deg desse?

Slik gjekk det då Halvard Wiik skulle setja kollekten inn i banken på Vikjo

Halvard Wiik: «No kjem også eg ut av skåpet»

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut