annonse

«Maritimt museum må leva vidare»

Uroa
Uroa: Sunnhordland Maritime Museum er ein juvel som berre må finpussast for å skina skikkeleg og verta ein attraksjon i regionssenteret, skriv Håvard Hystad. Han meiner politikarane må på banen for å finna ei skikkeleg løysing. På biletet ser me Ole Yttredal med modellen av «Prinz Eugen». (Foto: Arkiv)

Me har vore vitne til ein uheldig strid når det gjeld vidare drift av Stord Maritime Museum (SMM), skriv Håvard Hystad.

  • Meiningar

Eit museum som er bygd opp med utgangspunkt i ei unik samling gamle båtmotorar samla inn og tekne vare på av Trygve og Gunnar Oma. Seinare vart samlinga gjeve til stiftinga Stord Maritime Museum, og fekk etter kvart plass i godt eigna lokale på Nattrutekaien. Kunnige og ivrige personar fekk dei mange motorane til å sviva og gå att. Men, og det er svært viktig: Det vart også i det stille bygd opp ei utstilling som gjer dette lokale museet eineståande på mange vis.

Utstillinga som møter ein i det maritime Museet er noko ein skal leita lenge etter. Her får ein eit flott innblikk i den maritime soga ikkje berre lokalt i Stord, men i heile distriktet. Det er bygt opp av personar med interesse for, og til dels solid museal kompetanse.

Og då har eg eit spørsmål til Sunnhordland Museum (SM), som i sine «angrep» på SMM viser til at det er dei som sit på den museumsfaglege kompetansen. Og kva har dei? Så vidt eg har kunna sjå, har dei ein konservator, med museumsfagleg bakgrunn, ein direktør som kjem frå industrien og ein del solide handverkarar som held dei mange verdfulle eigedomane ved like – og som for all del – har kompetanse på dette området. I tillegg har dei ein pedagog eller to som er flinke til å laga det som vert kalla «eit levande» museum.

Ja, dei gjer ein god jobb ved SM, og dei har mykje å passa på, og ikkje minst å formidla, ut frå det dei alt har hand om. Difor er denne striden uheldig. For det er slik at også SMM har dyktige folk i sine rekkjer, også med solid museumsfagleg kompetanse. Men dei har også personar som har innsikt, som er interesserte i den maritime utviklinga i vårt område. Personar som kan få gamle motorar til å «snakka», og som kan formidla – med innleving, den soga som ligg bak. Og museet som etter mitt syn har funne den rette plasseringa ytst på Nattrutekaien kan saman med sine kontaktar i andre lokale samlingar (Historiesamlinga ved Kværner, t.d.) syta for at me får eit levande, moderne maritimt Museum i regionssenteret. Og så kan Sunnhordland Museum forvalta resten av den kulturelle arven. Ikkje berre i Stord, men ved alle dei samlingane dei har hand om kringom i distriktet, Nistovetunet, Halsnøy Kloster mv. ...

Og så må ein ta med seg litt historie oppe i dette. SM vart i si tid skipa av det som heitte Sunnhordland Folkemuseum og Sogelag. Dei sette seg føre å skipa eit Folkemuseum i det som alt då var regionssenteret i Sunnhordland. Menn og kvinner drog lasset saman og henta inn viktige kulturminne. Kommunane i distriktet bidrog på sin måte, med å vera vertskap for det årlege Års- og Rådsmøtet. Ei storhending som gjekk over ein heil dag, med middag og underhaldning i tillegg til den reint formelle delen. (Eg har vore med på mange av dei).

Og Stord kommune har bidrege med meir enn dei kring 90.000 kronene som no er gjeve til ei prosjektstilling. Om eg ikkje hugsar feil har Stord kommune, også i nokon grad også gjeve solid økonomisk støtte i samband med utvikling av Sunnhordlandstunet, til flytting av gamle bygg og bygging av nytt hovudbygg. Difor er det ekstra synd at ein ikkje har funne ei løysing på problema fram til no.

Det som tykkjest vera klart er at SM er eit offentleg museum med tilskot frå fylke og stat, SMM er «privat» drive og har no søkt om ei støtte på drygt 350.000 kroner neste år, som er vesentleg mindre enn det tilskotet som er øyremerkt til SMM i 2017 på 520.000 kr. Det høyrest rimeleg ut. At ein treng noko omrømingstid, tre år har vore nemnt før ein står heilt på eigne bein høyrest og rimeleg ut, med ein plan for mindre tilskot kvart av dei tre åra. – Samstundes skjønar eg at også SM kanskje bør ha eit meir formalisert tilhøve til kommunane dei har eigedomar i. Kor mykje skal då kommunen yta pr. innbyggjar?, som eit fast årleg tilskot? Dei har søkt om over 35 kr. pr. innbyggjar – og meiner dei bør få same stønad frå dei andre Sunnhordlandskommunane. Korleis har dei overlevd til i dag?

Dette bør det kunna finnast ei løysing på, og eg trur dei to musea i framtida kan trivast godt saman. SM treng ikkje bruka tid, krefter og ressursar for å byggja opp noko (nytt) på sine eigne premissar, når det alt er der. SMM er ein juvel som berre må finpussast for å skina skikkeleg og verta ein attraksjon i regionssenteret. Sunnhordland Museum kan og verta meir skinande om dei konsentrer seg om det samfunnsansvaret dei har ved å formidla sin del av soga ved å syna dei store historiske trekka i utviklinga, med å ta vare på gamle gjenstandar og tradisjonar, og presentera dei i ein samanheng. Og så kan SMM stå for den reint maritime delen.

At det ei tid såg ut til å ha gått politikk i saka, er beklageleg. Men her bør politikarane sjå på sjølve saka, og leita etter den beste løysing for alle partar.

Håvard Hystad
(med Shl. Folkemuseum som «lære- og leikeplass» i barndommen.)

Meld deg på Sunnhordland sitt nyheitsbrev

* indicates required
Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut