annonse

Maritimt museum – meir enn ei «motorsamling»

Ein institusjon
Ein institusjon: Brevskrivaren er bekymra for framtida til Stord Maritime Museum. Håvard Hystad meiner det er snakk om noko meir enn berre ei motorsamling. Biletet er frå då 9. trinnet i Stord ungdomsskule besøkte Sunnhordland maritime museum i fjor haust, og Svein Jonassen lærte elevane ulike knutar. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)

Stord Maritime Museum (SMM) er slik eg ser det, meir enn eit museum, eller ei motorsamling, i tradisjonell tyding. Det er ein institusjon, skriv Håvard Hystad.

  • Meiningar

Kvifor?

Jo, fordi det bygd opp på ein heilt unik måte. Og det syner den maritime utviklinga presist og godt. Frå gamal – til ikkje minst moderne tid. Det er eit museum mange ville misunna oss. Og det er målretta bygd opp. Det syner den verdiskapinga som har skjedd langs Kysten, og den enorme utviklinga som har vore. Og dei har klart det på eigne bein.

Bak står ei Stifting. Stord kommune er ein av partane i denne, og har vore med på å ta eit ansvar. Eit ansvar dei i dag er i ferd med å gå frå? Fordi andre museale interesser er litt trigga? Sunnhordland Museum (SM) er kome på banen og vil ha sin del av «kaka». No har dei brått blitt tildelt eit «Samfunnsoppdrag», som gjer at dei må ta hand om dei verdiane SMM har bygd opp – gjennom Stiftinga. Som kommunen altså er ein del av, og har plikta seg til deltaking i. Også økonomisk, vil eg tru? For det har dei synt vilje til før gjennom ytingar til m.a. husleige.

La meg minna om at SM ikkje tidlegare mottok vesentleg støtte frå Stord kommune, før det for nokre år sidan vart innleia eit samarbeid om tilskot til ein jobb som pedagogisk kontakt. Flott tiltak. No vil SM ha sin del av «kaka» ved å ignorera kommunen sitt engasjement i Stiftinga og krev pengane kommunen har løyvd og øyremerkt Husleige til SMM. Kjenner dei nye politikarane i Kommunestyret i det heile til historia bak? SM har trekt sin representant frå styret i SMM men er framleis med i Stiftinga. Kommunen er òg med i Stiftinga og representert i styret saman med representantar frå m.a. Oma-familien som har gjeve den unike Motorsamlinga SMM sit på. Og som er dei som har gjeve mest tilskot frå starten av.

Rett nok er det eit punkt i vedtektene om at SMM skal vera ein del av Havbruksavdelinga ved Sunnhordland Museum. Det tyder at SM skulle vera fagleg ansvarleg, men at SMM skulle drivast som eiga avdeling med det maritime preget, og Motorsamlinga som sentral. Gåvebrevet som ligg til grunn for satsinga seier at det skulle byggjast eit nytt maritimt museum.

Det museet som er bygd opp, og er å finna i godt eigna – no litt trongare – lokale på Nattrutekaien. Vel forankra i det maritime, på rett plass. For kommunen går på eitt vis frå sitt ansvar, men ikkje heilt. Administrasjonen, vil eg tru, ser den plikta ein har som deltakar i Stiftinga. Ei gruppe politikarar har eit anna syn, og når fram med det. Spørsmålet er om har dei sett seg inn i bakgrunnen og kjenner historia? Dette har i alle høve resultert i at kvar gong saka er oppe kjem kommunen med nye krav. Dei fleste har SMM klart å følgja opp. Husleiga er redusert, lokala er reduserte ein del. Men samlinga er like unik. No truga med å gå i oppløysing.

SMM har mange gode støttespelarar. Det som er viktig no, er å finna ei løysing der alle partar kjem fram til semje og laga rein god plattform for vidare samarbeid. For, det er ikkje tvil om at SMM i sine rekkjer har den museale fagkunnskap som skal til. I tillegg har dei ein unik maritim kompetanse gjennom den ihuga gjengen som steller om samlinga og som imponerer med sin kunnskap og evne til å formidla. Og dei kan – om dei får sjansen til det – rekruttera nye ivrige maritimt kunnige personar.

Og ikkje minst: Dei har eit nettverk innan maritim utvikling. Gjennom SMM, Veteranlaget Wärtsilä Wichmann, Kværner sitt Industrimuseum og Veteranskipslaget V.S. «Sunnhordland», m.fl. Denne kompetansen kan gå tapt. Det same gjeld maritim kunnskap og gåver som jamt kjem til SMM på grunn av den unike kunnskapen – og utstillinga. Der det og ligg eit stort potensial om ein får betaling for alle dei «offentlege» besøka som kjem. Kanskje burde skulane betala for alle vitjingane dei har – og barnehagane? Venelaget yt med sine tilskipingar eit viktig bidrag – i tillegg til all kunnskap dei har i sine rekkjer.

Eit anna moment som er lite omtala, er kostnadene ved å flytta SMM, slik SM gav uttrykk for at dei ynskte for ei tid tilbake. Kor skal motorane t.d.oppbevarast? Dei tilhøyrer Stiftinga. Kvar skal dei nye lokala vera – og kva kostar dei å etablera seg i? Men enno meir alvorleg er det at museet kan gå glipp av nye gåver som er i kjømda. Og går det mot ei avvikling vil nok store deler av «skattane» verta henta attende. Dette må ikkje Stord gje slepp på.

For meg tykkjest det vera heilt klart at SMM i dag er lokalisert på den mest naturlege plassen. Ein stad som kan gjerast enno betre. Det viktigaste er likevel at det no kjem ei avklaring slik at ein kan retta kreftene inn mot arbeid for framtida. Den maritime næringa er obs. på verdien av SMM, kanskje kan dei bidra til å sikra vidare drift og løfta arven etter Oma-brørne vidare.

Håvard Hystad,
Stord

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut