annonse

Me er glade for at så mange er ute i arbeidslivet att

AUKE
AUKE: Det er positive tal for arbeidsmarknaden i distriktet for ninande månad på rad i statistikken frå Nav. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN (Arkiv.)

  • Leiar

Arbeidsløysa i Sunnhordland er framleis på veg ned. Me må tilbake til desember 2014 sist gong denne prosenten var like låg. Ved utgangen av oktober var arbeidsløysa 2,4 prosent av arbeidsstyrken. Dette er ein nedgang på 37 prosent i forhold til for eitt år sidan. Då var Sunnhordland, og særleg Stord, eitt av områda i landet med høgast arbeidsløyse. No ligg me under lands- og fylkesgjennomsnittet.

Det er no 730 heilt arbeidsledige i Sunnhordland, og det er 421 færre enn i fjor på same tid. Alle kommunane har hatt ein nedgang siste året, og på Stord er arbeidsløysa nærast halvert. Også i Fitjar er det positive tal no, etter at det så langt i år har vore ein liten auke i talet på folk utan jobb.

I tillegg til at me ser ein nedgang i arbeidsløysa, og at færre er permitterte, så er det også ein vesentleg auke i tilgangen på ledige stillingar. I oktober var det 86 fleire utlyste stillingar enn i fjor, fleire av dei innan industri, bygg og anlegg og ingeniørfag. Det er eit teikn på at det er høgare aktivitet i arbeidsmarknaden enn i fjor. I tillegg er det færre ledige ungdommar, og færre langtidsledige.

Dette er niande månaden på rad at arbeidsløysa går ned i Hordaland. Fredagens gladmelding frå Nav stadfestar det inntrykket me lenge har sete med: Det er høg aktivitet i regionen, med mange store og små prosjekt rundt omkring. Difor er me glade for at mange som har vore utan jobb ei stund no byrjar å komma seg ut i arbeidslivet att, med alle positive ringverknader det fører med seg. Og me håpar og trur at arbeidsløysa vil halda fram med å gå nedover også dei neste månadene.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut