annonse

«Me er reinska for busstransport»

Rasande
Rasande: Gustav Rasmussen forventar svar frå Skyss på kvifor busstilbodet på Horneland har blitt redusert. (Foto: Arkiv)

«Da går over», sa reven, han vart flådd. Og no er me her ute på Horneland både reinska og flådd for alt som heiter buss/kollektiv transport, skriv Gustav Rasmussen.

  • Meiningar

Sidan tidleg 60-tal har det gått buss her med jamne mellomrom. No er det slutt!!! SKYSS sine geni i Bergen har funne ut at å køyra over Horneland er ein omveg!!! «Sic transit gloria mundi»,- og der bur ikkje folk nok! M.a.o., ikkje grunnlag for å køyra der. For eigen del har eg fått 400 til 500 meter å gå, ein god del andre,- faktisk meir.

Les også: Stord-rådmannen ber om fleire søndagsruter

Rett nok har det ikkje alltid vert kø ved haldeplassane, men det var ei tryggleik for folk at den gjekk. Folk har og helseplager som gjera at dei har vanskar med å «føta seg». Mange har heller ikkje nokon til å køyra seg. Eg krev ikkje at det skal gå buss kvar heil/halvtime, men kvifor ikkje å la den gå tre til fire gonger over Horneland i løpet av dagen. Det kan vel ikkje væra så vanskeleg vil eg tru!!! «Køyr kollektivt» vert det ropa,- men er slike ord framandord for SKYSS??? – eller? Kva sparar De i pengar ved å utelata Horneland? Eg berre spør, og faktisk forventar svar!

Gustav Rasmussen,
Horneland

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut