annonse

"Me er underlagt eit strengt og omfattande lovverk"

Heit debatt
Heit debatt: Det har vore mykje debatt om biogassanlegg i Sagvåg dei siste månadene. Her skildrar Jan Kåre Pedersen i Sunnhordland Naturgass detaljane i korleis deira anlegg blir. Biletet er teke då han informerte politikarane om planane i mars. (Foto: Hilde Vormedal Nybø)

  • Meiningar

Den planlagde etableringa og tilrettelegginga av biogassproduksjon på Stord er ikkje berre framtidsretta industri og eit viktig bidrag til oppnåing av miljømål for kommunen, men òg ei sikker og god form for næringsutvikling.

For å få godkjenning til å både byggje og drifte eit biogassanlegg, er det mange organ som skal godkjenne og følgje med på at lover og forskrifter vert følgt. Blant desse skal mellom anna Klima- og forureiningsdepartementet (Klif), fylkesmann, plan- og bygningsloven, Direktoratet for byggkvalitet (DIBK), Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB), kommunalt brannvesen, kommunal reguleringsplan og mattilsynet godkjenne at anlegget samsvarar med regelverk, og at det vert drifta på ein forsvarleg måte. Sentralt i dette er analysar av risiko og sårbarheit (ROS). Me kan med andre ord ikkje setje i gong ein byggjeprosess og drifte eit anlegg som ikkje er godkjent og forsvarleg i samsvar med lover og forskrifter.

Dette er godkjenningar som må på plass for å få setje opp anlegget. I tillegg kjem retningslinjer som mellom anna er skildra i Internkontrollforskrifta, for korleis anlegget forsvarleg skal driftast.

Vår produksjonsløysing er såleis underlagt eit strengt og omfattande lovverk som skal prøvast av kvalifiserte fagfolk før utviklinga og driftinga av anlegget kan starta. Me vil i det følgjande tilføre nokre fakta til diskusjonen, som vonleg vil bidra til ei betre forståing av kva me prøver å etablera.

Transport av biologisk nedbrytbart materiale og slam til biogassanlegget skal føregå på ein måte som påverkar nærmiljøet i minst mogeleg grad. Alt avfall skal verta transportert og levert til biogassanlegget i tankbilar eller i tette containerar som ikkje slepp ut forureina vatn eller lukt, og containerane må vera utrusta for tilkopling av pumpeslange. Transporten vil skje innanfor normal arbeidstid.

Teknologien er bygd på gamal teknologi, men sett saman på ein ny måte. Dette gir oss ein teknologi med utgjæring av avfallet i ein innelukka og hurtiggåande prosess. Prosessen vil skje i små reaktorar som ikkje lagrar gassen, men som produserer gass kontinuerleg. Denne gassen vert ført direkte ut til eit oppgraderingsanlegg og inn i leidningsnettet vårt her på Stord. Det er ingen råtnetankar som typisk vert nytta i samanliknbare anlegg. Den gassen som ikkje vert nytta i leidningsnettet på Stord vil verta lagra på ein LBG-tank, og transportert i tankbil til eksempelvis bussar i Hordaland. Me har òg ynskje om å byggja fjernvarmenett på Stord, der biogass vil verta tilført varmesentralen via det utbygde røyrnettet, og nytta som ei energikjelde.

LES OGSÅ: Ber politikarane ta til vit

Gassen i bioreaktorane vil aldri vera under trykk, og den vil difor ikkje vera ei kjelde til eller til fare for eksplosjon.

Ved å nytta denne teknologien har me ein mykje større kontroll på prosessen, og kan straks avbryta produksjonen dersom det oppstår driftsforstyrringar i ein eller fleire av reaktorane. Då vil råstoffet som er i reaktorane verta pumpa tilbake til råstofftankane. På denne måten unngår me behovet for å brenna gassen ved driftsforstyrringar. Me kan avbryta produksjonen av metan. Dette er ikkje mogeleg dersom det er råtnetankar på anlegget, slik me kjenner til frå andre biogassanlegg.

Totalt gjev dette ei sikrare drift, der dei ulike prosessane er enklare å styre, som igjen minskar risikoen for uønskte hendingar.

Lukt har me ei sjølvpåtatt nulltoleranse for, og dette vil me oppnå gjennom følgjande tiltak:

a) Forskrifter og rettleiinga mot lukt frå produksjonsanlegg vil verta følgt, og rutinemessige kontrollar vil verta føreteke av både verksemda og offentlege instansar.

c) Prosessen med utgjæring av avfallet er ein innelukka, hurtiggåande prosess i små reaktorar som ikkje lagrar gassen, men som direkte fører den ut i leidningsnettet. Det er ingen råtnetankar som typisk vert nytta i samanliknbare anlegg.

d) Me har ikkje planar om ein produksjonshall som må ventilerast utover det som er vanleg i industribygg. Det skal vera eit godt arbeidsmiljø der ein ikkje må vernast mot lukt eller skit. Heile anlegget sitt produksjonsmiljø er ein lukka prosess.

e) All påfylling til tankar vil skje via ei lukka røyrtilkopling.

f) Tilkoplingane vil verta utstyrte med ventilar som vert lukka ved eit trykkfall, slik at ein eventuell lekkasje vil stoppa utpumping, og slik hindra utslepp.

g) Mogeleg avfall vert samla opp gjennom lasting og lossing på ein oppstillingsplass med eit tett, fast og ugjennomtrengjeleg dekke.

h) Påfylling til lukka råvaretankar fører til overtrykk av luft, med tilhøyrande behov for utlufting. Dette er ei potensiell luktkjelde. Som løysing vil me ha ein lukka kanalmetode. Trykket vert utjamna via lukka røyr til andre tankar. Eit eventuelt resterande overtrykk vil verta leia via røyr til eit biofilter. Dette vil sikra mot luktgjennomtrenging.

i) Biofilteret vert plassert inn i eit eige lukka bygg. Dette rommet vil verta utstyrt med overrislingsanlegg for å tilføra barken fukt, og på den måten treng ikkje biofilteret å stå ute i open luft. Rommet vil ha ventilasjon med påmontert kolfilter. Den lufta som då kjem ut av biofilterrommet, vil òg vera reinsa for «barkelukt».

Samla sett vil dette sikre at anlegget vil få ein luktfri biogassproduksjon.

Ei anna potensiell ulempe som er trekt fram, er mogelegheita for lukt ved uttransport av biorest. Det er dette som vert kalla biorestsuppe, eller våt kompost. Me vil behandla bioresten på ein anna måte enn det dei fleste biogassanlegg gjer i dag. Dette vil skje gjennom bruk av rotasjonspressar som bidreg til at det ikkje vert biorestsuppe. Vatnet vert pressa av bioresten i denne rotasjonspressen, og me vil nytta det nitrogenhaldige vatnet til å produsere nye jordbetringsprodukt. I det tilfelle ei driftshending i behandlinga av biorest skulle oppstå, der utskilling av vatn ikkje er mogeleg, vil me anvende den same tekniske innretninga som ved mottak av avfall og råstoff. Restprodukt i produksjonen vil då pumpast ut av anlegget til bioresttankane gjennom eit lukka røyr. Eit eventuelt resterande overtrykk vil leiast via kanal til overtrykksfilteret, som i tillegg er overdimensjonert for å sikra mot luktgjennomtrenging.

Ei rotasjonspresse som skildra over, er mellom anna sett i drift hos Frevar sitt biogassanlegg i Fredrikstad. Sluttproduktet er luktfri jord, godt eigna som jordbetring. Dette restproduktet ønskjer me svært gjerne at befolkninga i området nyttar seg av. Det vil kunne hentast på vårt anlegg, vederlagsfritt for private.

Dette gjev oss tryggleik for at anlegget vil vera organisatorisk og teknisk tilrettelagt på ein måte som ikkje medfører ulemper for nærmiljøet, snarare tvert om.

Brann- og eksplosjonsfare er òg gjenstand for risikovurderingar. Sikkerheitsavstanden og dei arealmessige avgrensingane skal vera oppfylt, og det er strenge krav til konstruksjonar. Området må vera klassifisert, bygningsmessige krav skal oppfyllast og brannvern og organisatoriske tiltak skal vera sett i verk. I tillegg skal det liggje føre instruksar og brannførebyggjande tiltak.

Regelverket og forskriftene som ligg til grunn skal sikra tryggleiken til dei som bur i området, men òg for bedrifta som etablerer eit slikt anlegg. Ingen, verken naboar eller dei som byggjer, ynskjer støy, brann, eksplosjon eller lukt.

Involvering av nærmiljøet på ein korrekt og ansvarleg måte er viktig for oss. Det vil verta utarbeidd ein lukthandterings- og kommunikasjonsplan. Det vil òg verta etablert eit system for klageregistrering, der eventuelle innkommande luktklager skal loggførast og behandlast. Me vil vera underlagt ei årleg rapporteringsplikt, som vil skapa ei oversikt over talet på luktklager og vurderinga av desse. Årsaka til alle luktklager og -hendingar skal forklarast, og dei tiltaka som er gjennomført for å stanse utsleppet skal skildrast.

På denne måten sikrar me at alle naboar vert høyrde, og at deira rett til å varsle vert imøtekome.

Lokalisering av anlegget er alltid å føretrekkja så langt vekk frå næraste busetnad som mogeleg. Slik er det med all industri. Samstundes må plasseringa imøtekome krav til logistikk og tilførsel av produksjonsråstoff. Me har kome til ei god løysing ved å omlokalisera til Grunnavågen – dette gjev lenger avstandar til naboar og sikrar samstundes ei god plassering med tilgang til sjø. Det er fleire etablerte biogassanlegg som er i drift i dag, med endå tettare plassering til nabobusetnader enn kva tilfellet er i Sagvåg. Eksempel finn ein mellom anna i Rådalen i Bergen, Rambekk i Gjøvik og Bårlidalen på Eidsvoll.

Prosjekteringa og planlegginga gjer oss sikre på at alle organisatoriske og tekniske krav for anlegget er lagt til rette på ein måte som ikkje gjev ulemper for nærmiljøet. I tillegg vil prosjektet gjennomgå ei fullstendig miljørisikoanalyse, og alle godkjenningar skal vera på plass før produksjonen kan starte.

Jan Kåre Pedersen

For Sunnhordland Naturgass 

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut