annonse

«Me i Stord kommune er gode på integreringsarbeid»

Debatt
Debatt: Stord kommune har fått informasjonsbrosjyrar på 11 forskjellige språk og skal ha stand for å få meir innvandrarar til å ta i bruk stemmeretten, skriv Susan Abdallah (Ap). (Foto: Henrik Mundal Andreassen)

  • Meiningar

Stord Arbeidarparti har store ambisjonar og vil at Stord skal vera i fremste rekke når det gjeld integrering av nye innbyggjarar. Dette oppnår me best gjennom eit inkluderande arbeidsliv, eit aktivt kulturliv og eit raust lokalsamfunn som inviterer nye innbyggjarar til å bidra i utviklinga av Stordsamfunnet. Arbeidarpartiet vil leggja betre til rette for at innvandrarbarn i større grad deltek i kultur- og fritidstilboda i kommunen.

Difor har Stord Ap i løpet av dei siste fire åra jobba for å opprette kontaktutval for innvandrarar og flyktningar i Stord kommune. I lys av at innvandrarar utgjorde ca. 10 % av det totale innbyggjartalet i kommunen i 2016, var det behov for å betre inkludera denne gruppa og leggje til rette for at dei deltar aktivt og medverka utviklinga av eit mangfaldig og inkluderande lokalsamfunn.

KU skulle vera høyringsinstans og rådgjevande organ for offentleg verksemd og talerøyr for innvandrarar og flyktningar i Stord kommune. På markeringa av Migrasjonsdagen på Stortinget i april 2019, var innføring av KU i Stord kommune ein positiv sak som fekk søkelyset og merksemd.

Allereie på første møte i mars 2019 hadde KU masse gode forslag og ambisjonar å kunne løfte opp og fremja saker som gjeld situasjonen til flyktningar og innvandrarar i Stord, å ta initiativ til tverrkulturelle arrangement og tiltak i Stord med hovudfokus på likestilling og kvinner og barnas kår. Mange frivillige lag og organisasjonar har fokus på integreringsarbeid i Stord, KU skal støtte, samarbeide og leggje til rette for at dei skal fortsette.

KU har vore veldig engasjert sidan det blei oppretta i mars 2019 og til no. KU fekk kommentere Høyringsnotat – Forslag til lov om offentlege organs ansvar for bruk av tolk, og meinte at det er viktig å få på plass betre organisert bruk av tolk i det offentleg fordi det gir grunnlag for forståing og kommunikasjon i alle samanheng og situasjonar. KU understreka at det er forbode å bruke barn som tolk.

KU var med på stand under Folkehelsedagane – Folk i Sentrum i mai. Målet var å ta direkte kontakt med folk og informere om dei forskjellige fritidsaktivitetane og tilboda i Stord kommune. KU har også samarbeidt med Hordaland idrettskrets for å organisere gratis sommarferie aktivitetar på Stord. Tilbakemeldingane var også veldig positive og tyder på at det blir organisert også neste år. Her er det direkte støtte til alle barnefamiliar i Stord, særleg dei med innvandrar- og flyktningbakgrunn. Samtidig er det naturleg at KU har fokus på å informere om stemmeretten med fokus på valet no i september. Stord kommune har fått informasjonsbrosjyrar på 11 forskjellige språk og skal ha stand for å få meir innvandrarar til å ta i bruk stemmeretten.

Stord Arbeidarparti vil sørgje for at me i Stord kommune skal halda fram å utvikla oss og bli betre på førebygging, integrering og mangfald.

Susan Abdallah,
Stord Ap

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut