annonse

«Me som vaks opp på Vikjo»

Nostalgisk
Nostalgisk: Gode minne frå ein fantastisk god barndom og oppvekst, skriv Bjørg Ramsland Hanssen. (Foto: Privat)

  • Meiningar

Eg har lyst å hiva meg vidare i mimringa etter Magne (Skorpen) og Svein (Klingsheim). Eg trur og meiner, at me som vaks opp på Vikjo og i gata, faktisk var heldige.

Me hadde store leikeområde. Både ved sjøen, kaien, Ås, fengselbakkane (Thinusbakkane) og ikkje minst i gata. Der hadde me alt frå gøymespel til å «skrena» på rattkjelke. Me starta løypa vår på toppen av Moe-bakken, vidare nedover heile gata, rundt rundkøyringa og vidare opp Kjøtteinsbakken. Det var om å gjera å ha best mogeleg fart og lengst opp bakken v/ Sina Leirvikhuset.

Aldri kan eg huska at nokon skada seg heller på denne turen.

Me visste jo kva tid bilane kom og kva klokkeslett arbeidsdagen var slutt. Det var heller ikkje så mange bilar den tid og som Svein skreiv, har vel nokon kvar av oss «hamna i Frelsen».

Me hadde rattkjelke (Je sin) og den tok 4 stk. oppå. Ein gong hamna me inn i «Frelsen» - klarte ikkje svingen og raste inn med eit brak. Men gjennom døra kom me ikkje. Ein annan gong, gjekk det for fort. Me køyrde rett på sjøen, je og eg datt av undervegs, Knut Herman og Arne fylgde med vidare, men heiv seg av før kjelken stupte i sjøen. Agnar Presthaug budde då i gamlahuset på skjæret og fekk kjelken opp igjen (v/ bruk av ei åre).

Det var lite me var heime etter skulen. Me gjorde våre lekser og av garde ut. Her haldt me på med ulike aktivitetar, heilt til kvelden kom. Me var berre heimom hos oss om me vart svoltne. Då kasta mamma nistepakkar med påsmurte skjever ut frå kjøkenglaset i tal. Alle ungane fekk som var med. Her var det mat for alle. Me var og mykje å leika i slakthusstranda. Her var det haugevis av beinskjelett i alle fasongar. Gram’s spennande å leika med.

Det hadde nok ikkje vore noko i dag. Elles bada me om sommaren på skjæret. Då kom blod og drit frå stallhuset ut eit hol i veggen. Me berre venta litt til det verste «griset» var borte eller me skufla det verste vekk og svømte i veg. Me rodde og til Sponavikjo i elva vår nokre gonger, for å bada der. Utan redningsvestar. Det var ikkje i vår tid. Men heldigvis det gjekk godt. Me var mykje i parken og leika indianar og kvit. Ein gong kom Svein Norvik så stolt med ny Davy Crockett hue m/hale på. Han hadde laga den sjølv, av mora sin pels.

Elles gjekk det mykje å aka og stå på ski (Thinusbakken). Hopp hadde me og målte kor langt me hoppa. Me lagde konkurransar av med meste. Det er ikkje løye at me ikkje hadde tid å vera inne. Det var jo heller ikkje fjernsyn i den tida. Og når det kom sat me gjerne og såg på televisaren etter akvarium.

Store gleder av små ting! Gode minne.

Så heiv me ball over tak på torget bak gamle meieriet. Det forsvann mange ballar. Me leika og med ball på Turnhallsveggen. Det var stas. Så hugsar eg godt då bøndene kom med dyr som skulle slaktast. Dei vart bitta i gjerdet nedfor huset vårt. Det var både spanande og litt skummelt. Så redde vart me. Fesjå var det på Ritlandsbakken. Det eg minnast godt var desse som kom med dyra. Dei var ofte supa fulle … Me sto som saltstøtter i flokk og følgde med på alt. Litt redde og litt spennande.

Som og Svein sa, var det mykje kolonialar og butikkar i gata. Kan ikkje gløyma då Randi Maren og eg gjekk heim frå skulen og var innom Vattendalsjentene. Me sku sjå på «Raff»-tøflar. Me fekk ho til å klatra etter dei som sto høgast i ein monter/hylle. Huff kor stygge me var, men det var jo uskuldig moro. Ja ja.

Me fekk og vera med Truls og Søss på kino i turnhallen. Det var jo stas å få gå bakvegen. Så handla me litt snop, hos Bernard Haugland som me gumla på. Opal sjokolade og PP pastillar var populært.

Må heller ikkje gløyma at me var i bakeriet Bore og tok tre brødskalkar (Ingrid var med).

Her var berre ei lita mimring frå meg frå gode barneår i Borggata og Prestlio. Og viktig: Alle var saman i spreidd alder.

Gode minne frå ein fantastisk god barndom og oppvekst.

Bjørg Ramsland Hanssen

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut