annonse

«Me vil svara på regionen sine behov»

Rektor
Rektor: Berit Rokne ved Høgskulen på Vestlandet vil ha utdanning av høgast kvalitet, sikra gjennom ei forsking som både er praksisnær og held internasjonalt nivå. (Foto: Anita Haugland)

Høgskulen på Vestlandet er eit kunnskapspolitisk prosjekt. Det betyr at vi skal styrke eit kunnskapssamfunn der høgt utdanna arbeidskraft har rett kompetanse i arbeidet med å løyse utfordringar i samfunn og næringsliv, skriv Berit Rokne og Arvid Hallén.

  • Meiningar

Då må utdanningane vere relevante og halde høgste kvalitet, sikra gjennom ei forsking som både er praksisnær og held internasjonalt nivå.

Kva kompetanse treng Vestlandet no og i framtida? Vi vil som Høgskulen på Vestlandet lytte til behova i regionen og levere kompetanse som både næringsliv og offentleg sektor har behov for. Etter eit travelt første år skal det utformast ein overordna strategi og vi har vald å starte med å lytte til innspel frå næringsliv og offentleg sektor. Før jul inviterte vi difor mange interessentar til å møte oss i nærregionane våre i Stord/Haugesund, Bergen og Sogn og Fjordane for å gje oss innspel. Vi vil takke alle som tok seg tid til å møte oss. Det var inspirerande og nyttig.

Vi opplevde at mange sette pris på dialogen, og samtidig opplever vi at mange er utolmodige og ønskjer seg ein synleg høgskule som er tett på regionen. Høgskulen er opptatt av samfunnsdialogen, og gjennom denne skal undervisnings- og forskingsprofilen utviklast og sikre at utdanningane våre møter det som er kunnskapsbehova i næringsliv og offentleg sektor.

Fusjonsplattforma seier noko om ambisjonane våre og peikar på fire område som er viktige for oss.

Det første er at utfordringane samfunnet står overfor skal sette dagsorden for Høgskulen på Vestlandet. Veksten i høgre utdanning og forsking har ein god grunn. Desse investeringane har gitt kunnskap og teknologi som har tatt oss fram til eit velstandsnivå utan sidestykke i historia. Samtidig står verda overfor store utfordringar som også må prege den nasjonale agendaen. Eit samlande omgrep for desse utfordringane er berekraft. Høgskulen på Vestlandet skal ha eit berekraftperspektiv i all undervising og forsking, og i samspelet med sine partnarar.

Vårt andre mål er at vi vil bli eit universitet i 2023. Dette er ikkje eit ynskje om å fjerne seg frå praksis, snarare tvert imot. Behovet for nyskaping og ny kunnskap gjeld i alle samfunnssektorar. Vi ser at våre utdanningar innan helse- og sosialfag, ingeniørfag og undervisning har eit sterkt behov for å utvikle kunnskapsgrunnlaget gjennom forsking og utvikling. Dette skal vere med på å sikre nyskaping i næringsliv og i offentlege tenester.

Det tredje målet er knytt til viljen til dialog med det samfunnet vi skal tene. Det er gjennom denne dialogen vi skal realisere praksisnær utdanning og forsking og sikre kunnskapsutvikling for profesjonsutdanning og profesjonsutøving. Gjennom samarbeidet med verksemder og offentlege institusjonar vil vi vere med på å løyse utfordringane vi som samfunn står overfor. Og studentane våre får møte arbeidslivet gjennom undervisning og praksisopphald.

Det fjerde momentet er at vi skal ha ei regional forankring. Vi har tradisjonar med utdanningar som er bygd opp i tette relasjonar med sine nærregionar. Dette samarbeidet vil vi fortsette med. På møta før jul var det gledeleg å sjå kor viktig dette samarbeidet har vore og kor store forventningane det er til endå betre samhandling med regionale aktørar. Denne samhandlinga er ein viktig føresetnad også for dei andre ambisjonane vi har om relevans, kvalitet og kunnskapsdeling. Fusjonen er med på å styrke dette perspektivet ved at nærregionane no får tilgang til ein enda breiare kunnskapsbase med større og meir robuste fagmiljø.

Det er krevjande å gjennomføre ein fusjon. På same tid som undervisning og forsking skal gå mest mogeleg uforstyrra, skal ein samordne arbeidsmåtar og rutinar og utforme ein ny organisasjon og tilsette nye leiarar. Og samstundes som fusjonar gir mogelegheiter, opnar dei også for nye utfordringar og konfliktar. Nokre gonger må det gjerast vanskelege val som kan skape strid. Då skal relevans, kvalitet, praksisorientering og regional forankring vere viktige haldepunkt. I siste instans må alle prioriteringar og vedtak prøvast opp mot høgskulen si evne til å utvikle kunnskap og kompetanse som er relevant for dei utfordringane samfunnet, regionalt, nasjonalt og globalt møter.

Vi opplever at vi som Høgskulen på Vestlandet er i rute, og ser fram til det vidare samarbeidet med våre mange ulike samarbeidspartnarar.

Arvid Hallén,
styreleiar

Berit Rokne,
rektor, Høgskulen på Vestlandet

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut