annonse

«Med Sunnfast blir det lettare å pendla»

Debatt
Debatt: Sigmund Kroka ber dei store bedriftene komma på banen i Sunnfast-saka. (Foto: Arkiv)

Viser til fleire positiv skriv i seinare tid om Sunnfast-prosjektet. Eg og mange fleire trur at dette er godt forankra og samfunnsretta, men fleire må ta tak i dette for og få press på kryssing i sør, som er alfa og omega for eit vellukka prosjekt. Det som skuffar meg er: Kor er dei store bedriftene i Kvinnherad, Stord, Tysnes og Bømlo som vil dra stor nytte av dette prosjektet? Dei burde komme på banen i lesarinnlegg og lagt eit større trykk på dei som skal avgjera dette.

Me har eksempelvis transportnæringa i sunnhordlandskommunane, Hydro på Husnes, Alsaker Fjordbruk AS på Tysnes, LOS elektro Bømlo, Kværner Stord, Leirvik AS, Wärtsilä, Engelsen ettf. og alle dei andre bedriftene i Sunnhordland som kjempar om nye framtidige oppdrag. Med Sunnfast så vil det bli lettare å pendla mellom kommunane.

Vil med dette utfordra alle desse som sit på gjerdet om å koma på banen og trykka på der det er nødvendig. Me veit at store aktørar har stor påvirkningskraft.

Sigmund Kroka,
Stord

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut