annonse

«Meditasjon, yoga og kristendom»

Yogadebatten
Yogadebatten: «Eg vurderer det slik at kristne kan nytte seg av båe meditasjon og yoga, og nytte det til å kome nærare Gud», skriv Solfrid Hellesøy Siqveland. (Foto: Colourbox / illustrasjon)

  • Meiningar

17. januar hadde pastor Jens Thoresen eit innlegg i Sunnhordland der han kritiserer ukritisk bruk av yoga og meditasjon. Han kjem med eit råd til kristne og å ikkje nytte seg av yoga og meditasjon. 25. januar i lokalavisa Grenda fulgte Jeshua Jostein Sirisai Skaale opp med ein nyttig nyanse innan feltet yoga, meditasjon og kristendom. Eg ynskjer også å vere med å fargelegge ein liten flik av dette store lerretet.

Då eg vart kjend med meditasjon som ei form for avslaping og bøn var då eg studerte i Dublin i Irland. Irland er eit gamalt katolsk land, og den som skulen hadde leigd inn for å lera viljuge studentar innan dette temaet var ein fransiskanarmunk. Fransiskanarane nyttar mellom anna meditasjon for å verte stille i sjel og sinn, slik at dei kan vere opne for den treeinige Gud og hans rettleiing, for å så gå ut i verda å vere til nytte for Han og medmenneske.

Vi lærte om energipunkt som vi har i kroppen, og freista å lera oss korleis vi skulle pusta skikkeleg. Sidan var det fleire ymse yogakurs på skulen, og eg var innom eit par av dei. Det som slo meg var at energipunkta i yoga var svært like og hadde samme fargar som i meditasjonstimane, dei følde regnbogen.

Meiningar: «Yoga og meditasjon til folket – kristne eller ikkje»

Fransiskanarmunken underviste oss noko om dette. Han sa at energipunkta er noko av det usynlege Gud har skapt i kroppen vår, og å kreve at vi overser dette, vert ikkje utelukkande til gagn for oss. Også bibleske tekstar skriv om meditasjon. Salme 119 vers 148 skriv om «å grunne på ditt ord» og det vert oversett med «meditare» i dei latinske tekstane. Eg er open for at ikkje alle tenkjer likt om dette, og har andre erfaringar.

Hinduismen har mange mykje mindre sympatiske trekk som utnyttar og fangar menneske i liva sine. Det er kjent at nokon vert «fanga» av yoga som del av si forguding av td guruar, nokon går frå gard og grunn, og vert ikkje bygd opp til heile menneske. Dette skal vi sjølvsagt ha medvit om.

I kyrkja har vi vedskjeningstekstar som vi nyttar i gudstenester. I ein av desse seier vi at Vi trur på éin Gud, skapar av himmel og jord, alt synleg og usynleg. Det er tenkjeleg at der er både krefter og ting i og mellom oss som vitskapen, religionane eller menneske av tru enno ikkje har den fulle oversikt over. Og eg trur ikkje det er slik at vitskap øydelegg for Gud, eg trur det heller openberrar meir av hans uendelege kjærleik og visdom. Eg vurderer det slik at kristne kan nytte seg av båe meditasjon og yoga, og nytte det til å kome nærare Gud, som vi kjenner gjennom sonen Jesus Kristus. At der er sanning i mange religionar er ikkje til å gøyme under ei krukke eller kar. Men at Jesus har vist oss kven Gud er, og at Han er sanninga er det som kyrkja byggjer på.

Solfrid Hellesøy Siqveland,
soknerådsmedlem i Kvinnherad kyrkje

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut