annonse

#metoo-røyndomen i perspektiv

Skribent
SKribent: Lever ein som om ein var gift, må kravet til truskap vera det same som om ein skulle ha vore gift, skriv Jens Thoresen. (Foto: Arkiv)

  • Meiningar

I min ungdom, på 1960 og 70-talet, gjennomgjekk Europa og USA det som av mange vart sett på som ein seksuell frigjeringsprosess. Det var ikkje lenger ekteskapet som skulle vera den einaste arenaen for seksuell utfalding, men ein ville gjerne legitimera at sex kunne føregå både før og utanom ekteskapet, utan at det var noko moralsk klanderverdig med det.

Dei av oss som forfekta Bibelen sitt syn som det rette og det beste, vart gjerne stempla som gammaldagse og viktorianske, og det vart sagt at den strenge linja lett førte ungdomane inn i nervøse lidingar, slik som Sigmund Freud hadde hevda tidlegare i det 20. hundreåret. I dag ser me at det motsette er tilfelle.

Det som me er vitne til i dag, eg tenkjer på alle meldingar om seksuell trakassering, er, etter mi meining, langt på veg ein følgje av denne prosessen. Eg er heilt sikker på at dei som i dag rett og slett tek seg fridomar på området og utøver uønska seksuelt press, ikkje er vondsinna menneske, men dei kjenner ikkje grenser, eller at grensene ikkje er teikna tydelege nok for dei, og dei strekkjer den etablerte «fridomen» så langt at dei påfører andre tvang.

Det er godt at dette no blir sett fokus på. Men går oppgjeret langt nok? Neppe. Det er nok ikkje mogeleg å bli kvitt all uønska seksuell åtferd eller tilnærming, men ved å læra den oppveksande slekta at seksualiteten er ei gåve som skal utfaldast innanfor ekteskapet sine grenser, vil vera ein god plass å starta.

Seksualundervisninga i skulen har ikkje dette fokuset. Det har naturlegvis samanheng med at ekteskapet i stor grad dei siste tiåra er blitt erstatta med sambuarskap. Det kan vera mykje å seia om det, men lever ein som om ein var gift, må kravet til truskap vera det same som om ein skulle ha vore gift (og då kan ein vel like gjerne gifta seg).

Det er ikkje lett i vår seksualiserte tidsalder å gje dei unge ei sunn forståing for korleis det er rett å oppføra seg overfor motsett kjønn. Det som for få tiår sidan var sett på som unormal åtferd, er i dag heilt OK. Og politiet fortel at dei er forskrekka over kva som skjer på det seksuelle området mellom unge menneske i Noreg i dag. Dei er heilt desorienterte. Difor må me prøva å fortelja dei unge at den rette rekkjefølgja i eit parforhold bør vera slik: Forelsking, kjærleik, forloving, ekteskap, sex. Jo klårare grenser, jo lettare er det å oppdaga når nokon går over streken og tek seg til rette. Bibelens syn på dette her er rett og slett genial. Klarar me å få dei unge til å akseptera den kristne rekkjefølgja er overlegen alle andre rekkjefølgjer, vil sjansen for overgrep og trakassering bli betydeleg redusert, og sjansen for ungdomane skal kunna leva lukkeleg livet ut vil bli langt større enn det elles vil vera.

Jens Thoresen,
pastor/lærar

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut