annonse

«Når havet og skuter lokkar»

Nye hav
Nye hav: Einar Matre har søkt jobb om bord i «Christian Radich», etter mange år på Smedholmen og seglskuta «Seladon». (Foto: Arkiv)
Førstereisgut
Førstereisgut: Einar Matre fekk sitt første skikkelege møte med livet om bord på seglskute, over Atlanteren tur/retur allereie som 15-åring. (Foto: -)
Seglskute
Seglskute: «Christian Radich».

  • Meiningar

Eg har søkt om jobb som styrmann om bord på «Christian Radich» på eit tokt for ungdom som skal prøve sjølivet og meistra ein annleis og krevjande kvardag. «Windjammers» kallar dei prosjektet. Mange nye oppgåver vil gje både lærdom og erfaring til å gå vidare på livsvegen. Eg var sjølv med som skuleskipsgut då eg var 15 – på ei reise fram og attende til Amerika.

Eg møtte opp i Harlingen i Nederland med resten av mannskapet i november. Skuta hadde vore på verkstad og gjort unna det årlege verftsopphaldet. Mannskapet som gjekk av hadde stått på for å få skuta klar, men litt arbeid stod att.

Windjammer-ungdomane kom nokre dagar etter oss, forventningsfulle og tydeleg klare for sjølivet. Spenninga var nok stor då dei første bølgjene rulla mot oss utanfor hamneinnløpet og den lite kjekke «sjøsjuka» kom snikande. Det er normalt å bli sjøsjuk, ikkje er det farleg heller, men det kan slå ille ut for nokon så det vert lite triveleg. Likevel såg det ut til at dei fleste heldt seg på beina. Kravet på ei slik skute er at du må stilla på dekk, det går ikkje an å leggje seg ned. Gode råd er å sjå utover sjøen, syngja den finaste songen ein kan inni seg, som ei jente sa det, vera aktiv, og må ein spy så forsvinn sjøsjuka for ei stund. «Slingra med» seier andre. Ingefærte, magnetarmband eller cola og chips er gode råd. Frå ein gamal seglskutestyrmann eg kjende kom eit gamalt effektiv råd: Han sa, med glimt i auga «knyta ein fleskesvor i enden på eit seglgarn, så svelga den og dra den opp att sju gonger, då e du kvitt sjøsjuka». Og det var vel berre å seia slikt til ein sjøsjuk så gav det verknad, så det rådet er vel best å ikkje presentera og høver vel best i festlege lag.

Førstereisgut
Førstereisgut: Einar Matre fekk sitt første skikkelege møte med livet om bord på seglskute, over Atlanteren tur/retur allereie som 15-åring. Foto: -

Den Engelske kanal var ein krevjande passasje i seglskutetida, mange skuter gjekk rundt England for å få sleppa. Me har motor og nyttar den når me har vinden imot. Men kva gjorde dei i seglskutetida, utan motor? På vaktene driv me undervisning og då er det og av interesse å koma inn på korleis dei måtte klara seg før.

Med berre segl måtte dei kanskje kjempa seg gjennom «Kanalen» i storm med redusert manøvreringsmogelegheiter. Og i stille vær og skodda, kunne straum gjera at det var fare for å driva på land eller verta rende ned av andre fartøy. Ankeret var eit av hjelpemidla dei hadde for å unngå å hamna i «fjæresteinane». Men så kunne vinden koma og dei greidde ikkje få opp ankeret og styrefart nok før dei var for nære land.

Kveldsvakta mi skulle bli vindfull; 52 til 54 knops vind. Det frådar om baugen og enkelte sjøar spyler over. Windjammer-ungdomane som skal ha utkikk har vorte flytta frå bakken heilt fram til peilestallen akter på halvdekk. Dei er ivrige i meldingane sine og sikkert spente. Ei stund får dei komme inn i bestikket der me fortel om navigasjon før og no. Me tek ein sjanti i le av bestikket, når det var god tid, ein låt på munnspelet var visst og litt roande vart det sagt i etterkant.

Det er ei mektig kjensle når slik vind passerer ein på havet. Ein kjenner på kva krefter det er i naturen. I dag har me maskinkrafta som gjer at me held stand mot vêret, kva om me berre hadde hatt segl? Då hadde «Kanalen» vore meir krevjande å segla seg ut.

Cherbourg i Frankrike var neste hamn. Ei gamal hamn omkransa med moloar og borger som har beskytta den franske flåte og handelsskip gjennom tidene. Her la og store Amerikalinjeskip til for å henta europeiske passasjerar som skulle til Amerika, blant anna Titanic. Den ærverdige hamnebygningen er omdisponert til å verta museum.

Me er berre nokre dagar i hamna, men ein får sjøsjuka ut av kroppen. Likevel sjanglar mange då balansen ikkje har stabilisert seg. Nokre kan verta sjøsjuke når dei kjem på land også. Slingringa sit i kroppen.

Staden ligg ikkje langt frå der invasjonen under D-dagen i andre verdskrigen fann stad. Nokre fekk mogelegheita til å sjå staden og kyrkjegardane som ligg der og minner om dei mange liv som gjekk tapt.

Så var det ut att i havet. Mot La Coruña. Vinden var imot og det blei lenger bølgjer etter kvart, kursen vart halden litt innover i Biscayabukta for mogeleg å finna ein vind frå sydaust som ville gjera at me fekk segla litt i medvind. Det slo til. Endeleg fekk ungdomane oppleva «silkebrisen», god bør som gjer at skuta skyt fart og dei får jobba med seglsetjing og kjenna korleis eit skrog glir av garde for berre vindkraft unna været. Mindre stamping og større fart.

La Coruña var og ein flott by tett på Biscaya og Atlanteren. No låg to orkansenter ute i havet som sende energien sin av garde som lange rullande bølgjer som trefte klippane og sende retursjø inn i hamna slik at ei trosse vart sliten av då skuta jaga litt fram og attende i draget.

Så kom tredje etappe der me ville prøva å segla oss rundt eit lågtrykk som gjekk rett mot Portugal. Det gjekk greitt, vinden stod ut frå Biscayabukta og var med oss. Men det vart ein liten høgtrykksrygg som gjorde at vinden minka. Når me så sette kursen SSW-S mot Madeira hadde me fin vind igjen. Det vart meir byer som kom opp i 40 knops vind og regn, men med passe segl og ein «god» kurs så gjekk det unna i 10 knops fart. Windjammer-ungdomen blei meir og meir ivrige både i riggklatring og arbeid. «Workshops» vart lagt til rette for og dei valde ulike oppgåver, som opplæring i bysse, hjå maskinist, tømmermann, båtsmann, styrmann osv. Då det nærma seg slutten på seglasen så høyrde ein at dei har lyst å vera lenger. Det er eit godt teikn. Stort sett ser me eit smil om munn og dei syng med når ein dreg opp ein shanty. Dei er fantastiske å jobba med, pliktoppfyllande for det meste, men klart nokon har slite med sjøsjuka, senebetennelse og ulike ting som kjem undervegs på ei slik reise som ein nok kan kalla krevjande for mange.

Seglskute
Seglskute: «Christian Radich». Foto: -

Mannskapet står på for at Windjammerungdomane skal ha det bra. Men det vert og sett strenge krav som gjer at dei må skjerpa seg og delta for fellesskapet. Her på Madeira fekk dei oppleva fjellvandring og innlandsmiljøet med tradisjonar og spor attende til tidleg 1400-talet.

Siste etappe gjekk til Las Palmas og då var turen over for desse. Eg trur og håpar dei har fått mykje ut av desse vekene. I alle høve er det ei viktig erfaring dei får med seg i livet. Det å oppleva mektige naturkrefter, eit bevegande dekk under seg og arbeid i pendlande mastrar i over 30 meters høgd, det er no ein liten test på at ein kan klare noko uvanleg og meistra dagane.

På mi reise som 15-åring om bord i «Christian Radich» gjekk og turen innom Kanariøyane/St. Cruise. Der starta seglasen over Atlanteren i tre veker med passatvind, delfinar om baugen og nesten kollisjon med eit skip som ikkje såg oss koma for full rigg. Truleg gjekk dei på autopilot og lite konsentrasjon på brua. Dei trudde nok dei var åleine midt i Atlanteren.

Då me kom til Bahamas og Miami var det stort sett berre festlegheiter og filmopptak, med fjernsynsmannen Harald Tusberg rundt der det var noko flott å sjå. Me vitja Romfartsenter og Marinebasar, tok på månelandingsfartøy, var i Tvillingtårna i New York og mykje imponerande som byane hadde å by på. Men det ein hugsa godt var då velferden og sjømannskyrkja køyrde oss gjennom slumstrøka i New York, som i den tida kanskje var verre enn i dag. Der såg me ungar som sprang ute om kvelden, og folk som slåst. To stader vart me vist utanom fordi det hadde skjedd mord. Me fekk og sjå kontrastane i eit samfunn då me køyrde frå slum til luksus. For med kort avstand mellom var det stor skilnad på levemåte mellom dei fattigaste og dei rikaste. Det er først i etterkant når ein blar gjennom brosjyrar ein tok med seg at ein ser kva ein har vore med på. Me var som regel trøytte av alt me skulle sjå og få med oss i land, så då avreise dagen kom kjende me ei stor letta.

Det hadde ikkje gått ein dag sidan me hadde mista land av syne. Då stansa maskinen på Radichen. Mannskapet drøfta om dei skulle gå attende for å reparera eller prøva segla heim som reint seglskip. Det siste vart valt og me starta ei heftig reis med 3 stormar og ein orkan. Det byrja med at me nær vart pårende på Newfoundlandsbankane. Der eit skip kom fullt opplyst i kveldståka. Me fekk ikkje kontakt med dei på skipsradioen, der me låg utan maskin og kunne ikkje koma oss vekk. Skipet strauk rett attanom oss.

Under ein storm fekk me ikkje berga segla og skuta la seg over så livbåten akter på le sida tok nedi sjøen. Og det kjendest som ei æve å få beslått segla. Vakta vart lang; 12 timar i strekk. Mellom stormane var det ofte vindstille og vindskift. Så då orkanen kom hadde me ikkje sjanse å rømma unna. Segla vart minska ned til det ein trudde skulle halda i orkanen som strauk rett over oss og var oppe i 82 knop. Me måtte sova fullt på kledde oppå hengjekøya som var rulla saman og låg på dørken. Det var umogeleg å snakka til kvarandre på dekk på grunn av brølet frå riggen. Eg hadde roret kl. 1200 på natt og det kjendest som om det vart kasta «badekar» med saltvatn etter deg. Ein mann vart skada på roret då han vart slengt over. Stuerten hadde tidleg byrja knipa inn på rasjonane då reisa tok mykje lenger tid. Me gjekk konstant svoltne dei to siste vekene. Siste veka føltest som om me ikkje fekk nok mat og kreftene byrja svekkjast. Då var det godt å koma til England å få mjølkeflasker med fløyte på toppen og mjukt brød med masse smør og peanøttsmør oppå der igjen.

Dei siste 14 dagane på heimreisa frå Trondheim var kald. Eg hugsar me fraus mykje på nattevakta. Kleda var nedsalta og fuktige. Ikkje hadde me varme på banjeren heller og lufta var tjukk som graut når dei stengde lukene. I Trondheim skulle Christian Radich på verkstad og dokking for ny sesong.

Eg kom heim ein haustdag. Sola stod lågt og lyste på dei snødekte Kvinnheradsfjella. Eg måtte stoppa opp og sjå der eg rusla på heimveg, kjente tårene kom fram for det vakre Vestlandet og eg visste kor eg høyrde heime. Foreldra og syskena mine visste ikkje kva tid eg skulle koma, så det var stor overrasking då eg kom inn dørene heime. Det var i den tida ein levde litt fritt, utan mobiltelefon.

Einar Matre

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut