annonse

«Når kronene ikkje strekkjer til»

Debatt
Debatt: Kjellbjørg Lunde. (Foto: Arkiv)

  • Meiningar

«Alt henger saman med alt!»

Dette sitatet av Gro Harlem Brundtland er ofte brukt. Ikkje så rart, for det inneber ei djup sanning. Skal ein forstå kvifor noko er som det er, må ein sjå på samanhengar og årsaker. Det gjeld også den vanskelege budsjettsituasjonen Stord kommune og mange andre kommunar er i. Dei økonomiske rammene er ikkje er tilstrekkelege til å løyse alle dei oppgåvene kommunane har, og som alle ynskjer skal bli løyste på ein god måte.

Statsbudsjettet aukar år for år, også overføringane til kommunesektoren, men oppgåver, ansvar og kvalitetskrav aukar også. Midlane som følgjer med er derimot ikkje tilstrekkelege. Også her er det snakk om prioriteringar, og då er det forskjell på kva dei ulike regjeringsalternativa løyver til kommunesektoren. Under dei raudgrøne auka løyvingane til kommunane monaleg, og no under dei blåblå, blir det mindre.

KS, kommunane sin interesseorganisasjon, seier at det ikkje blir vekst i dei frie inntektene til kommunane i dette statsbudsjettet. I tillegg er lærarnorma og bemanningsnorma i barnehagane som regjering og Storting har bestemt skal innførast, underfinansierte. Ifølgje Fylkesmannen er det i Hordaland særleg to kommunar dette slår negativt ut for; Askøy og Stord.

Så har regjeringa bl.a. kutta i løyvinga til særleg krevjande brukarar. Det fører til at dersom kommunane vil halde oppe tilbodet, må dette finansierast frå andre stader i budsjettet, altså reduksjon i tenestene andre stader, i omfang eller kvalitet.

Det aller meste kommunane brukar pengane på er lovbestemt og detaljregulert gjennom forskrifter, krav til kvalitet og rettar for innbyggjarane. Det er svært lite kommunane har «sjølvråderett» til, og lite ein kan gjere sjølv for å skaffe seg inntekter. Å innføre eigedomsskatt og fastsette nivået, er omtrent det einaste som kan skaffe inntekter som monar. Kommunale avgifter er knytt opp mot sjølvkostprinsippet, og kan ikkje brukast for å skaffe seg ekstra midlar.

Kommuneleiinga, administrativt og politisk, uavhengig av farge, er opptekne av å ha ei tenleg og effektiv drift i alle sektorar i kommunen. Men det er forskjell i synet på effekten og konsekvensen av privatisering av deler av kommunane sitt ansvar. Vi, som tilhøyrer den raudgrøne sida, meiner at innbyggjarane er best tente med at fellesskapet, altså vi alle, står for tenestene i kommunane. Vi meiner dette gir betre og meir rettferdig fordelte tenester, og arbeidstakarane tryggare vilkår. Difor tok vi reinhald tilbake til kommunal drift då den noverande koalisjonen fekk fleirtal ved siste kommuneval.

Stord kommune får ros for god og tenleg drift når dei som driv med slikt, undersøker kommunane og samanliknar tenestenivå og effektivitet. Vi brukar også meir pengar på helse og sosiale tenester enn samanliknbare kommunar. Som kjent har kommunen også fått fleire prisar for bl.a. det tilbodet ein gir til dei mest svakstilte innbyggjarane sine.

Rådmannen foreslår kutt som mange tykkjer er uforståelege og protesterer mot. Kuttforslaga kjem ikkje av vond vilje eller fordi ein meiner dette ikkje er tenlege tilbod. Men budsjettet må gå i hop og vere i samsvar med dei krav politikarane har sett for forsvarleg og langsiktig drift. Kommunen skal kunne betale for vidare forsvarleg drift til alt som er lovbestemt og som innbyggjarane har krav på, innan helse, skule, barnehage, barnevern m.m. Kommunen skal betale renter og avdrag på alle dei store investeringar vi no har gjort og skal gjere i kommunen. Heilt naudsynte investeringar i skular, sjukeheim, ny barnehage og infrastruktur som vi må ha for innbyggjarane våre. Så då blir det i dei ikkje- lovbestemte tilboda det blir foreslått å kutta i.

Dette er realitetane vi politikarar står overfor og må finne løysingar på.

Vi leitar med lys og lykte etter det som kan hindre kutt i gode og viktige tilbod for dei som blir ramma. Vi vurderar sjølvsagt også ytterlegare effektivisering av drifta og kutt i administrasjonen, og om vi skal auke eigedomsskatten?

Budsjetteknisk kan ein nok komme i hamn med å legge inn x tal millionar i effektiviseringseffekt, men det hjelper ikkje særleg mykje på lenger sikt, når det er lite ein kan redusere av det som skal gi innbyggjarane forsvarlege tenester, t.d. i eldreomsorga.

Slik eg les tilbakemeldingane vil «alle» ha gode tenester og «alle» er i mot kutta som er presenterte. Men nesten ingen seier ein vil vere med å hjelpe til slik at vi kan klare å hindre kutt, gjennom noko høgare eigedomsskatt.

I regjeringa og i stortingsfleirtalet gjer dei sine prioriteringar. Det hadde t.d. vore fint om kommunane heller hadde fått overført dei nokre og tjue milliardane som er gitt til dei aller rikaste i skattelette dei siste åra. Det store fleirtalet av folk flest, som ikkje har merka stort til lova skattelette, ville nok heller hatt desse pengane til naudsynte tenester i kommunane.

SV prioriterer i samsvar med dette. «For dei mange, ikkje for dei få!», er slagordet.

Eg oppmodar folk til å gå inn på heimesida til Stord kommune å sjå korleis kommunen brukar midlane, kva budsjettet skal rekke til m.m., og gi oss som har teke på oss ansvar for å få pengane til å strekke til, tilbakemeldingar om korleis vi kan løyse oppgåva på best mogeleg måte. SV har også ei lett tilgjengeleg heimeside. Der kan ein bl.a. sjå at SV aukar overføringane til kommunane med 4,6 milliardar meir enn regjeringa, derav 3 milliardar i frie midlar.

Kjellbjørg Lunde,
Stord SV

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut