annonse

«Når vitet står i vegen»

Debatt
Debatt: Johannes Slettebø. (Foto: Marie Knutsen Bruntveit / arkiv)

  • Meiningar

Gisle Tjong er ein klok mann.

Han kan mykje om tal og statistikk. I innlegget hans i bladet Sunnhordland førre veka om kraftproduksjon, vindkraft og utbygging av atom-kraftverk tok det rett nok litt av. Stundom kan iveren etter å nytta tal og detaljar skugga for overblikk og klårsyn.

Han gløymer heilt å nemna at det å bruka mindre energi truleg er det beste tiltaket for å redusera utslepp av klimaskadelege gassar. Til dømes bør me reisa langt mindre, kvar og ein av oss treng ikkje kryssa kontinent og landegrenser mange gonger i livet. I eit vidare perspektiv vil det å få ned folketalet i verda vera nyttig for å redusera skade og press på landareal, vassdrag, havområde og andre økosystem.

Det enkle er ofte det beste...

Med den stadig aukande energi-bruken pr person, hjelper det svært lite å berre auka kraft-produksjonen. Om så me dekkjer heile Vestlandet med vindturbinar, vil det monna svært lite. (Her kunne eg ramsa opp tal og prognosar, men det vil eg ikkje).

Vindkraftproduksjon tek store landareal og er svært forstyrrande der turbinane står, pluss i eit stort omland. Derimot vil utbetring av gamle vasskraft-anlegg gjera minimal skade og samstundes vera svært effektivt.

Der vitet ikkje står i vegen ...

I USA regjerer for tida ein som derimot ikkje har fått for mykje vit og forstand. Splitting og hat er dagleg tale. Tanke om klima og natur er nærast fråverande. Han har fått ein jobb der det diverre ikkje er krav til kvalifikajonar eller eit minstemål av forstand. Pussig, men slik er det.

Tanken på at han truleg kan verta attvald til president er skræmande. At det amerikanske folket endå ein gong skal gjera same tabben er mest ikkje til å fatta. (Eg, og mange med meg, har halde pusten i snart tre år. Det tek til å røyna på...)

På Stord... Me er heldige som har kompetente folk som Wenche, Gaute og Gisle, med fleire, her på øya.

God sein-sommar og haust!

Johannes Slettebø

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut