annonse

Nasjonal ramme for vindkraftutbygging

Vindmotstand
Vindmotstand: Aksjonsgruppa for vern om Fitjarfjellet åtvarar på det sterkaste om meir vindkraftutbygging på Stordøya. Her frå Midtfjellet vindpark. (Foto: Ingvild Siglen Berger)

  • Meiningar

Fitjarfjellet og Stordfjellet er felles tur- og rekreasjonsområde for om lag 20.000 innbyggjarar. Medrekna nabokommunane vil eit folketal på ca. 50.000 verta direkte eller indirekte råka av vindkraftindustrien på øya Stord.

Me har alt no eitt anlegg på øya, nemleg Midtfjellet i Fitjar kommune. Dette er no aktuelt å utvida til også å omfatta Grønafjellet som ligg tett inntil kommunane Stord og Tysnes.

Den synlege skaden på naturen ved slike prosjekt kjenner me alle til. Den er enorm og til dels uoppretteleg. Skade og vedvarande stress for dyrelivet er også vel dokumentert gjennom mange år. Begge aspekt er godt skildra av lokale turlag, jeger- og fiskeforeningen, Naturvernforbundet med fleire.

Seinverknader, med helseskade og helseplager på menneske, er også godt dokumentert frå andre land. Her kan nemnast Portugal, Tyskland og USA. Undersøkingar i Portugal viser at ca. 25 prosent av befolkninga som bur inntil vindkraftanlegg er plaga, 10 prosent opplever sterke helseplager.

Plagene kjem først og fremst frå såkalla infralyd, som ikkje er høyrbar, men som utset kroppen for vedvarande trykkbølgjer som kjem i pulsar. (Dette kan samanliknast med ubehaget ein kjenner når ruta i bakre side-dør står open under bilkøyring.) Vedvarande påverknad gjev helseplager alt etter kor mange år ein vert utsett for desse pulsane, samt til ein viss grad kor nær ein er og kor sensitiv kvar einskild er. 1–4 års påverknad medfører stress på cellenivå med destruksjon av forsvarsceller i øvre luftvegar, med påfølgjande kroniske luftvegslidingar.

4–10 års påverknad kan gje kronisk hovudverk, nedstemthet og gradvis svekkja helse, samt alvorlege, irreversible skadar på hjarte og lunger (vevs-fortjukking mm) sterkt ubehag og kortare levetid.

Tilsvarande belastningar på ein arbeidsplass vil medføra tiltak retta mot verksemd og arbeidsgjevar. I ein privat heim derimot, der ein vert eksponert for denne belastninga 24/7 nær 365 dagar i året er det pr. i dag ingen tiltak eller noko mynde som tek tak i det.

Ein kan ikkje verna seg mot trykkbølgjene frå vindturbinar ved å isolera vegger, setja opp leca-mur eller ein hekk. Det har absolutt ingen effekt.

NVE som representerer staten i vindkraft-saker opererer med utdaterte målemetodar (desibel, LDen) som ikkje fangar opp dei ikkje-høyrbare trykk-pulsane som i stor grad påverkar kroppsleg og psykisk helse. Enno veit me ikkje om alle helseskadelege effektane eit vindkraftanlegg gjev over tid. Difor er det framfor alt viktig å nytta FØRE VAR -prinsippet no.

I USA vart eit anlegg stoppa og rive ned etter at helsestyresmaktene i regionen vann rettssak på vegner av menneske som var utsette for store helseplager.

Fleire rettssaker vil koma dei nærmaste åra, også her til lands.

Eit anna aspekt er at kommunar med vindkraft vert mindre attraktive som bu-område. Kven vil byggja nytt hus eller kjøpa hus som ligg tett inntil eit vindkraftanlegg?

Rekreasjon og natur som ikkje er fragmentert må koma i fremste rekke (jf. FN sitt naturpanel som seinast i sommar kom med særs sterke åtvaringar).

Straum skal produserast, men må også økonomiserast med gjennom langt meir effektive sparetiltak.

Aksjonsgruppa for vern om Fitjarfjellet vil på det sterkaste oppmoda om full stans i planane om utbygging i Grønafjellet.

For Aksjonsgruppa for vern om Fitjarfjellet

Anne Marie Røed,
Magne Røed,
Birgit Hobæk,
Torbjørn Hovland,
Johs. Slettebø

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut