annonse

«Naturleg å leggja ferja til Sunde»

Til Sunde igjen?
Til Sunde igjen?: «Sidan 79 prosent av bilistane køyrer gjennom tunnelen for å koma over til Sunde-sida, vil det vera naturleg å leggja ferja til Sunde», skriv Kjell Larsen. (Foto: Arkiv)

  • Meiningar

Med bakgrunn i at Staten no går inn og sletter den eksisterande gjelda for tunnelen over til Sunde, må ein no kunna sjå til å få ferja tilbake til Sunde, slik det var før i tida.

Totalt 426 bilar passerer Skjersholmane–Ranavik/ Ranavik–Skjersholmane i døgeret, rundt ni biler for kvart anløp, og sidan 79 prosent av bilistane køyrer gjennom tunnelen for å koma over til Sunde-sida, vil det vera naturleg å leggja ferja til Sunde.

Fjord 1, som frå 1. januar 2020 overtar konsesjonen for dette sambandet, er blitt pålagd av staten til å gå med batteridrivne ferjer. Dette vil medføra at dei vil trenga ladestasjonar ved ferjekaiane, noko som Ranavik ferjekai ikkje har plass eller mogelegheiter til, utan at dei får ladestraum frå fastlandet, dvs. Sunde.

Det neste er «kjerrevegen» frå Ranavik, til og gjennom Sæbøvik, utan gang/sykkelveg for dei som treng dette, noko som openbert er ein prøvelse for folk flest som ferdast der, anten du er gåande/syklane eller bilist. Flytter ein no ferja til Sunde, vil denne «kjerrevegen» fram til Sæbøvik få atskilleg mindre trafikk, noko som vil minska faren for trafikkuhell.

Les også: Ordføraren vil drøfta den nye ferjesituasjonen med fylket

Men det er openbert at Statens vegvesen må få inn i sin organisasjon, ei ny haldning ovanfor den vanlege mann og kvinne, når folket fremjar innspel til vegvesenet, då opptrer vegvesenet sine folk som om dei er høge på seg sjølv, noko som sjølvsagt er ein uting i dagens samfunn.

Om vegvesenet skal bygga eit nytt ferjeleie på Stord sida, så kan det vere ein ide og få det inn på «Vikjo», der det var før. Om ein utvidar kaien litt, vil det vere god plass der, slik at ferdafolket kjem seg direkte til sentrum der hurtigbåtar og bussar står. Med det vil me få mykje betre kontinuitet i trafikken i heile området.

Kjell Larsen,
Stord

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut