annonse

«Nav og utdanning»

TO-leiar
TO-leiar: «NAV har ei stor verktøykasse som skal leggje til rette for at den enkelte skal lukkast på arbeidsmarknaden», skriv Magnhild Grov. (Foto: Anita Haugland / arkiv)

NAV syner til lesarinnlegg frå Bjørn Øystein Waage den 14. februar der han rettar kritikk mot vår tiltakspolitikk, og særleg korleis kompetansehevande tiltak vert nytta.

  • Meiningar

Waage syner til at arbeidssøkjar i dag må betale kurs og utdanning sjølv, og at det ikkje alltid har vore slik.

Dersom du står i fare for å falle ut av arbeidslivet eller ønsker å komme i jobb kan NAV vurdere fleire tiltak og verkemiddel. NAV har ei stor verktøykasse som skal leggje til rette for at den enkelte skal lukkast på arbeidsmarknaden, mellom anna arbeidstrening, lønstilskots- og mentorordningar. Eit anna verktøy me nyttar er kompetansehevande tiltak. Dette kan vera korte yrkesretta kurs som vert arrangert i regi av NAV, som sveisekurs og akvakulturoperatør, i tillegg til andre kurs som vert kjøpt direkte frå opplæringsbedrift. I somme høve er og ordinær utdanning eit høveleg tiltak. Dei som gjennomfører kompetansehevande tiltak gjennom NAV vil få dekka kostnader til transport og eventuelle andre utgifter i samband med tiltaksgjennomføringa.

NAV rår over eit bestemt tal tiltaksplassar kvart år. Dette talet varierer frå år til år, og er i hovudsak avhengig korleis stoda på arbeidsmarknaden er. I Sunnhordland er det over 600 personar i eit arbeidsretta tiltak i dag. I tråd med tildelt ramme er over 100 av desse i eit kompetansehevande tiltak som nemnd ovanfor. Utover dei sakene der kompetanseheving er eit tiltak gjennom NAV, er det og høve til å gjennomføre utdanning som dagpengemottakar. Dette vart gjort mogeleg ved ei endring av lovverket 1. mai 2016.

I tillegg til å støtte enkeltpersonar som har behov for kompetanseheving er NAV oppteken av å gje kompetansehevande støtte til verksemder. Dette betyr at bedrifter, som står føre større omstillingar, kan få tilskot til opplæring av eigne tilsette for å unngå oppseiingar.

NAV skal bidra til at flest mogeleg deltek i arbeidslivet ved å gje arbeidsretta bistand av god kvalitet til rett tid. Bistanden vil vera ulik ut ifrå den enkelte sine behov. Slik arbeidsmarknaden er i dag, er det lett å vera einig i Waage sine refleksjonar kring betydning av utdanning, anten det er gjennom tiltak frå NAV, utdanning innanfor regelverket for dagpengar eller, som hovudregelen, finansiering gjennom Statens Lånekasse.

Magnhild Grov,
fungerande TO-leiar for NAV Sunnhordland

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut