annonse

Nedbygging og avfolking av Fitjar

Sårbar
Sårbar: Ei lita bygd som Fitjar er såleis svært sårbare for slike tilsynelatande små endringar, skriv Kristen Rydland. (Foto: Henrik Mundal Andreassen / illustrasjon)

  • Meiningar

I desse dagar skal eigarane av Fitjar Kraftlag kvitta seg med store verdiar og mange arbeidsplassar til Haugaland Kraft (HK), og få eigardelar i byte. Gamle og nye politikarar og andre leiande folk i bygdo lovpriser dette, og meiner at me har fått til ein svært god avtale med HK.

I avtalen er verdien av SKL sett til 7867 millionar kroner (MNOK) og Fitjar Kraftlag sine 3,39 % av SKL til 266 MNOK. Dersom me ser på omsetnad av ulike kraftprodusentar dei seinare åra, ser me at verdien av SKL er i område 17000 MNOK, og verdien av Fitjar Kraftlag sin del av SKL 576 MNOK, altså 310 MNOK meir enn dagens avtale.

I dag er det 17 arbeidsplassar i Fitjar Kraftlag, og 12 av desse vert med over i HK, medan 5 vert att i det såkalla «Nye» Fitjar Kraftlag. Desse 5 skal så halda fram med å selja kraft og fiber og såleis «leika butikk», i staden for at alt dette også går inn i HK. Uansett så vert denne transaksjonen berre starten på at heile Fitjar Kraftlag og alle arbeidsplassane forsvinn frå bygdo.

I Fitjar har me vore gjennom dette tidlegare. På 80-talet forsvann heile eigenkapitalen til Fitjarbanken inn i Sparebanken Vest, no 30 år seinare har me att ein minibank. Det er freistande å sjå over til naboen og kva Tysnesbanken har fått til.

I desse dagar er det snakk om å leggja ned ein eller fleire skular i bygdo, Øvrebygda og Selevik. Og forsvinn skulane så forsvinn etter kvart folk med ungar, og me set att med berre gamlingar. Og Fitjar vidaregåande er heller ikkje freda i all framtid. Ei lita bygd som Fitjar er såleis svært sårbare for slike tilsynelatande små endringar.

Fitjar Kraftlag er eit teknologiselskap og må få halda fram som det. Me er midt oppe i ein teknologirevolusjon innan IT, automatisering og fornybar energi, og kan no byggja opp Fitjar Kraftlag til også å verta eit serviceselskap med kompetanse og produkt også innan nye felt. Dette har me no finansielle musklar til og kan lett styra utviklinga i den lei.

Og første steg på vegen må vera eit handlekraftig styre av unge folk frå bygdo, med teknologibakgrunn og optimisme, og som kan meir enn å telja pengar. Då kan me halda arbeidsplassane i bygdo og ikkje selja oss på billigsal til Haugesund og Karmøy.

Kristen Rydland,
sivilingeniør og teknisk filosof

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut