annonse

«Nei, endring i Leirvik sentrum er ikkje farleg»

Ueinig
Ueinig: Anne-Grete Sandtorv i Stord næringsråd. (Foto: Henrik Mundal Andreassen)

Svar til Kjell Håvard Sævereid.

Stord Næringsråd ønskjer utvikling av Leirvik sentrum og Stord velkommen, og me ønskjer saman med andre aktørar og næringsdrivande å bidra til dette. Det er difor me saman med Stord kommune og Samarbeidsrådet for Sunnhordland har engasjert oss i Byregion-programmet og visjonen for «Den tette byen».

Innspela frå Stord Næringsråd til dei to detaljreguleringsplanane kalla «Miljøgata»og «Tveitakrysset handlar i all hovudsak om dimensjonering av sykkeltraséen og manglande konsekvensutgreiing. I tillegg har me stilt spørsmål om alternativ finansiering til bompengar.

Slik planane i dag er lagt fram er dei etter vårt syn for ambisiøs i forhold til å laga effektiv transportsykling gjennom sentrum, samstundes som andre trafikantar får dårlegare kår. Dette gjer det vanskeleg for næringslivet og vanskeleg for arbeidsplassutvikling i sentrum.

Stord Næringsråd har saman med næringsdrivande stilt seg til disposisjon for innspel for utvikling av Leirvik sentrum, og me har invitert oss inn til kommunen for å få bidra til dette.

Anne-Grete. Sandtorv,
Stord Næringsråd

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut