annonse

Nei, ikkje alle!

Dårleg veg
Dårleg veg: Lesarbrevskribenten skriv at fyrøya ikkje er tilrettelagt for alle og peikar på vegen opp til huset. (Foto: INGVILD EIDE)

  • Lesarbrev

Sunnhordland skriv onsdag: No kan du overnatta på Fyrøya. Det stemmer ikkje. Vegen opp til fyreigedommen er nemleg ikkje rusta opp slik at også til dømes rullestolbrukarar kan komma dit, noko kommunen ikkje har funne det verd å opplysa om.

Kven kan ein så gje skulda for den dårlege vegen? Iallfall ikkje oss grunneigarar. I kjøp- og salsprosessen kring 1930 vart det klart uttrykt at vegen med rettane til staten skulle brukast berre i samband med bruken Fyrvesenet var avhengige av for sine funksjonar der ute. Den bruken kan ikkje samanliknast med den som kommunen som ny eigar har lagt opp til i dag.

Det er me, eigarane av Fyrøya som eig vegen mellom sjø og fyreigedom. Stord kommune kan ikkje gjera noko som helst med den utan at me tillèt det. Dersom kommunen har ønskje om å rusta opp vegen må dei forhandla med oss. Det har dei ikkje gjort noko forsøk på. Me har derimot gjort det. Svaret me fekk frå kommunen ved rådmannen, var at dei ikkje hadde nokon plan om å gjera noko for å betra vegen. Det kan berre oppfattast på ein måte etter mi forståing; Stord kommune vil ikkje tilretteleggja for alle å komma til/ha eventuelle arrangement der ute, vera der for å få «kunstnarleg inspirasjon» eller berre vera ferierande.

Då me i Lagmannsretten vart frådømde eigartilhøvet til grunnen under naustet vårt, bad me kommunen om å få kjøpa den tilbake. Det har me fått tilbod om: 750 000 kr for 115 m²!

Kanskje kommunen vil kjøpa heile øya for det som ho då ville kosta? Då kunne dei verkeleg opna tilboda sine der ute for alle og sei: No kan du overnatta på Fyrøya.

Kristi Yttredal Moe

PS: «ein del att og fram og diskusjonar med grunneigar» står å lesa som grunn for sein innlegging av vatn til fyreigedommen. Sanninga er at kommunen starta prosessen utan å kontakta grunneigarane først. Det skulle vera rett og rimeleg at grunneigarar reagerer på slikt. Det har kommunen lært oss.


Les også: Slik er Fyrøya



 

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut