annonse

– Nei, no må du gi deg, Kjell Larsen!

Nei til bilar
Nei til bilar: Kristi Ytredal Moe vil ikkje ha eksos, bråk og mangel på tryggleik i Borggata. (Foto: Marius Knutsen / arkiv)

  • Meiningar

Korleis kan du seia at rådmannen er på kollisjonskurs med innbyggjarane vedrørande opning for einvegskøyring i Borggata? Har du fått inn nok underskrifter til å prova det? Me er ca. 20 000 innb. her, og kor mange namn du fekk på lista?

Eg, og eg veit mange med meg, er sterkt imot å opna for motorkøyretøy i Borggata. Ja, meir liv i gata vil det bli, men er det den form for liv me ønskjer?

Ikkje trur eg at dei næringsdrivande får meir pengar i kassa eller fleire innbringande oppdrag med støy og eksos inn opne butikkdører. Men at gode parkeringstilhøve er avgjerande, det trur eg. Samme kva ein ønskjer og trur, folk dreg dit det er lagt til rette for god parkering, gjerne tidsavgrensa. Likevel, me må kunna gå nokre hundre meter til/frå bil.

Les også: Kjell Larsen: Rådmann på kollisjonskurs?

Me er ikkje mykje byinnbyggjarar når me klagar på venting ved trafikklys i Skrivarvegen. Var dette ein skikkeleg by, hadde me hatt fleire slike på veg til/frå. Dessutan synest eg dei ansvarshavande og arbeidsutførande i Skrivarvegen legg det vel til rette for oss trafikantar. Sjølv bur eg på Hystad og må såleis forhalda meg mykje til trafikklysa.

Les også: Kommunestyret på Stord held Borggata stengd

Eg vil seia mange, mange takk for at me slepp bråket, eksosen og mangel på tryggleik i Borggata!

Kristi Yttredal Moe

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut