annonse

«Nei til biogassfabrikk i Sagvåg»

Seier nei
Seier nei: Sist torsdag var Jan Kåre Pedersen & Co på informasjonsmøte i eit fullsett Solid-hus for å prøva å overtyda sagvågsbuen om kor bra og nyskapande biogassfabrikken vil vera. Det gjekk heller dårleg, skriv Sveinung Ulgenes. (Foto: Magne Kydland)

  • Meiningar

Fyrst vil eg seia – eg er ikkje motstandar av biogass – men eg er motstandar av at ein slik fabrikk skal plasserast midt i Sagvåg – på Seglneset – i tettbygd strøk. Og då er det spesielt fare for luktproblem og auka tungtrafikk eg tenkjer på.

Me var på orientering i eit fullsett Solidhus der Jan Kåre Pedersen & Co prøvde å overtyda sagvågsbuen kor bra og nyskapande denne fabrikken skulle vera. Det synest eg gjekk heller dårleg! Me veit at det finst ein slik fabrikk i landet – halvparten så stor som den som er planlagd i Sagvåg – og har vore i drift i to år. Ut ifrå dette å seia at den er både luktfri og sikker på alle måtar synest eg er heller dristig. Ein kan gjerne kalle det fakta det som vart presentert, men det må vera på eit veldig, veldig tynt grunnlag! Eg sat og att med inntrykk av at ev. fabrikken i Sagvåg skulle vera eit prøveprosjekt, det skulle drivast forsking der o.l. Me fekk heller ikkje vita kvar denne eksisterande fabrikken var plassert, men eg reknar det som heilt sikkert at det ikkje var i eit tettbygd strøk!

Så dette med tungtransport – 50 lastebilpasseringar pr. 5 dagar auke på Jensanesvegen – då aukar risiko for ulukker drastisk! Eg kan ikkje med min beste vilje forstå at dette prosjektet kan vera vel gjennomtenkt!

Nei folkens – legg planane om biogassfabrikk på Seglneset dødt – ta dei heller med til Eldøyane der de har god plass og de kan etablera fabrikk i ro og mak – med god tilgang til sjø og langt ifrå folk. Ikkje gjer dykk meir upopulære i Sagvåg enn de allereie er – med planane de har lagt fram. Få heller området på Seglneset omregulert til bustadformål og bygg leilegheiter/hus der. Då kan de verkeleg snakka om at de har gjort ei standardheving av området – ein biogassfabrikk vil ikkje gjera det – snarare tvert om.

Skulle det likevel vera slik at de ikkje forstår alvoret av den massive motstanden, så vonar eg at me har politikarar som har ryggrad nok til å setja foten ned for denne galskapen! Då har de høve til å visa at de meiner noko med dei fagre orda om at det skal vera trygt og godt å bu i Sagvåg.

Det vart på møte i Solidhuset også sagt at me måtte tenkja på alle arbeidsplassane ein biogassfabrikk ville skapa. Eg trur me kan sova trygt i høve til det. Ein fabrikk – same kvar han no vert etablert – vil nok verta drifta av utlendingar!

Sveinung Ulgenes,
ikkje biogassmotstandar!

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut