annonse

«Nei til ferjestø i området Hovaneset – Valevågen»

Ferjestø?
Ferjestø?: Innbyggjarane i Storhaug og Hystadtræ ønskjer at dette området skal vera fri for ferjetrafikk. (Foto: Henrik Mundal Andreassen / arkiv)

  • Meiningar

Å laga ferjestø i området Hovaneset – Valevågen er heilt uforståeleg og uansvarleg.

På oppdrag frå kommunane Stord og Kvinnherad m.a. har ein konsulent kome med framlegg til nye ferjestø på Stord. Her vert både Sævarhagsvikjo og Valevågen trekte fram som alternative lokaliseringar. I ei tidlegare ferjeutgreiingssak var også Sævarhagsvikjo inne i biletet, men vart lagt vekk. I 2012 gjorde det kommunale selskapet Vatn og Avlaup framlegg om å laga felles kommunalt reinseanlegg i Valevågen. I begge desse tilfella gjorde Stord kommunestyre vedtak om at det ikkje er råd å gjera slike inngrep i området Hovaneset – Valevågen.

Rommetveit Båtlag o.a. har dokumentert kor øydeleggjande det er å leggja ferjestø i Sævarhagsvikjo. Storhaug Vel og Hystadtræ Vel er samd i desse vurderingane, men vil i denne protesten utdjupa motstanden mot framlegg til eventuelt å leggja ferjestø i Valevågen.

Status for området Hovaneset – Valevågen

Sentralt i området Hovaneset – Valevågen ligg Hystad Naturreservat. Ved kgl.res. av 23. november 1984 vart området freda som naturreservat. Det er då underlagt lov om naturvern, med svært sterke restriksjonar mot eitkvart tiltak som kan vera til skade for naturreservatet. Det er også sterke restriksjonar på buffersona kring naturreservat.

Det freda arealet er ca. 200 dekar og strekkjer seg frå Valevågstraumen, langs skråninga mot Storhaugvegen, på skrå ned mot Nordre Tynesvika og nesten ned til Kolerakyrkjegarden.

Buffersona mot nord er Nordre Tyneset, Nordre Tynesvika, Småbåthamna og Sævarhagsvikjo. I dette området er det fleire kulturminne frå bronsealderen, det er raudlista plantar, m.a. dvergålegras. Området er også kjent for rikt fugleliv, og det er observert 44 ulike raudlista fugleartar.

Buffersona mot Storhaugvegen er kommunalt friluftsområde. Dette er gjort særleg for å sikra at ein ikkje set i verk øydeleggjande tiltak, særleg i skråninga ned mot naturreservatet.

I heile området, frå Hovaneset til Valevågodden, er det verdfulle og freda kulturminne frå bronsealderen. Området er også unikt fordi det er spor etter korleis landskapet var i bronsealderen då havet stod høgare. Gravplassane låg då på øyar, og ferdselsvegen gjekk på innsida av øyane.

Valevågområdet

Buffersona for naturreservatet mot sør går frå Valevågstraumen, Valevågen og området på austsida av denne. For å sikra dette bufferområdet mot øydeleggjande tiltak gjorde Hordaland Fylkeskommune, etter framlegg frå Stord kommune, dette området pluss Hystadøyane til regionalt friluftsområde. Hystadøyane er også mellom dei siste øyane Stord har att etter at Eldøyane i si tid vart planert ut til industriområde.

Valevågen er viktig for livet i naturreservatet. Inst i Valevågen renn straumen inn i tjørna i naturreservatet når det flør og ut att når det fjærar. I brakkvassmiljøet i tjørna er det havsivaks som er ein sjeldan plante. Brakkvassmiljøet er også viktig for grunnvatnet i naturreservatet. Naturreservatet vart oppretta i 1984 og er eit edellauvskogsreservat som omfattar ein svartorsumpskog. Sumpolderskogen i naturreservatet er hovudgrunnen til at naturreservatet vart vedteke.

Valevågen er også ein del av kulturminneskatten i området Hovaneset – Valevågen. Langs heile området frå Hovaneset til Valevågen er det freda gravrøyser frå bronsealder, og det er ein kolerakyrkjegard på grensa mellom naturreservatet og buffersona mot nord. Langs Valevågen på austsida er det ei bronsealdergrav, og heilt ute på Valeodden er dei ei 27 meter lang gravrøys.

Alle kulturminna i området tyder på at det kan vera historisk materiale i den gamle vassvegen gjennom Valevågen og på innsida av holmane. Dette er ikkje undersøkt endå.

Eit ev. ferjeleie i Valevågen vil koma tett på bustadbebyggelse, berre om lag 100 meter frå næraste husrekkje i Storhaug bustadfelt. Det vil føra til store ulemper med støy både dag og natt, ved lending, i land og om bord-køyring av bilar og store og tunge køyretøy, og ikkje minst støy frå kjøleaggregata på vogntog som «overnattar» på ferjeleiet.

Det er heller ikkje utan betydning at det vil vera vesentleg støy og trafikk med anleggsmaskinar over lang tid, når det skal byggjast eit stort anlegg til om lag ein halv milliard kroner i eit slikt sårbart område.

Ferjeleie vil også vera visuelt skjemmande og medføra ei lysforureining i Hystadmarka.

Det er meiningslaust å ofra verdifull natur for eit mellombels ferjeleie.

Urørt natur som gir høve til rekreasjon, stille og ro har kvalitetar som vil bli meir og meir verdsett i framtida. Det handlar om folkehelse og livskvalitet.

Området vert også ofte nytta av born og unge i barnehagar og skular til undervisning og gode naturopplevingar.

Konklusjon

Eit ev. ferieleie i Valevågen vil medføra betydelege ulemper og føra til uboteleg skade på sårbar natur og kulturminneområde.

Det er svært strenge krav til kva tiltak som kan gjerast i eit naturreservat, men det er også strenge krav til kva som kan gjerast i buffersonene til eit reservat. I skjøtselsplanen for buffersona mot vest står det i & I, 3: «Buffersona skal redusera faren for inngrep og endringar i Hystad naturreservat, t.d. lokalklima, naturleg vegetasjon, spreiing av framande artar, ferdselsskadar m.m.»

Det er uråd å tenkja seg at ein kan byggja ein ferjekai med oppstillingsplassar, venterom, tilførselsvegar osb. utan at det vil øydeleggja både buffersona og naturreservatet.

Området Valevågen er ein viktig og naudsynt buffersone mot naturreservatet, og eit ferjeleie her- som uansett vil vera ei mellombels løysing – vil vera eit uboteleg inngrep i eit sårbart natur-kulturminneområde. Det er ein høg pris å betala!

Storhaug Vel og Hystadtræ Vel protesterer på det sterkaste mot å byggja ferjestø i området Hovaneset – Valevågen, og ber om at forslaga lagde vekk i det vidare planarbeidet!

Storhaug Vel
Jan Sigve Hystad,
leiar

Hystadtræ Vel
Marius Sveistrup Hope,
leiar

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut