annonse

«Nei til Hordfast over Bjørnafjorden»

Nei
Nei: Vi er trygge på at vi har eit breitt fleirtal blant innbyggjarane i Hordaland med oss i kampen for eit meir framtidsretta alternativ, skriv Kjellbjørg Lunde. (Foto: Henrik Mundal Andreassen)

  • Meiningar

Formannskapet har gitt uttale til ei tilleggshøyring om to nye brualternativ over Bjørnafjorden.

Statens vegvesen fekk i oppdrag å få prisen på Hordfast ned då prognosane var komne opp i over 43 milliardar kroner. Det blei for drygt sjølv for Høgre og FrP, og statsministeren gav beskjed om kostnadsreduksjon.

No har Statens vegvesen rekna vidare og laga andre lendingsforslag på gigantbrua, som på papiret er blitt 6–7 milliardar kroner billegare. Om natur- og miljøkonsekvensane blir mindre, er heller tvilsamt.

SV la fram eit alternativ forslag til rådmannen si innstilling.

Det lyder slik:

«Framføringa av E 39 etter vedtekne planar og brukryssing over Bjørnefjorden vil gi store inngrep i sårbart kystlandskap og ha svært negativ innverknad på kulturlandskap og bu- og rekreasjonsmiljø. Indre trase over Fusa, redusert vegbreidde og hastigheit vil gi mindre bandlegging av nærliggjande område til E-39, samtidig som det vil betre økonomien i prosjektet. Dette alternativet, med sørleg kryssing av Langenuen, vil gi positive ringverknader og knyte E 39 opp mot andre viktige samferdsleprosjekt. Dei miljømessige- og økonomiske kostnadane ved kryssing av Bjørnefjorden er for store og Stord kommune vil ikkje støtte denne løysinga «

Forslaget fekk berre SV si stemme.

Dette er skuffande sidan SV er med i ein fleirtalskoalisjon som styrer på grunnlag av eit felles politisk dokument, utarbeidt då kommunen prøvde å redde Landåsen mot å få ein 4-feltsmotorveg tvers gjennom dette unike nærområdet. Den kampen tapte vi, regjeringa gjekk inn for og har stadfesta det verst mogelege alternativet. Så om dagens E-39/Hordfastplanar, som inkluderer brua over Bjørnefjorden blir realiserte, er ikkje dette i samsvar med det koalisjonen var samde om skulle bli resultatet.

Sitat frå det politiske dokumentet : » Koalisjonen står samla om synet på at ei framføring av E 39 over Stord og det øvrige kystlandskap etter dei vedtekne plankriteria, vil truga viktige bumiljø og sårbart landskap. Koalisjonen vil be staten om å redusera hastigheit og vegbreidde/planløysing for prosjektet.

I planlegginga av E 39 over Stord skal kommunen bruka sin påverknad til å unngå at det vert veg gjennom Landåsen. Omsynet til folk som bur langs vegen, miljø og natur, jordvern og folkehelse skal verta prioritert høgt ved traseval. Koalisjonen går inn for ei brukryssing lengst mogeleg sør i Langenuen i Jektavik- området «

Stord SV ser det som viktig å kjempe vidare for eit Hordfast som ikkje betyr firefeltsveg og kryssing av Bjørnefjorden, både av natur, miljø og kostnadsmessige grunnar. Og vi har stor tru på at vi kan lukkast, sjølv om regjeringa så langt ikkje har gått tilbake på sine altfor urealistiske gigantplanar.

Vi er trygge på at vi har eit breitt fleirtal blant innbyggjarane i Hordaland med oss i kampen for eit meir framtidsretta alternativ. No er det viktig at fleire av dei let seg høyre, og at andre parti lyttar til andre enn pådrivarane for noko det blir stadig mindre realisme i kan realiserast.

Kjellbjørg Lunde,
Stord SV

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut