annonse

«Nesten ikkje til å tru»

Svarar
Svarar: «Når ein skuldar andre for å bløffa må ein kunna dokumentera dette», skriv Jakob Bjelland (Sp). (Foto: Marius Knutsen)

  • Meiningar

Marte T. Djuvsland i Frp hevdar i lesarinnlegg at Sp, KrF, Ap og SV på Stord bløffar om ny sjukeheim. At Frp ikkje har fått med seg før no at planen når dei 48 nye plassane på sjukeheimen vert tekne i bruk er å setja i gong naudsynt opprusting av den eldste delen av sjukeheimen er nesten ikkje til å tru. Frp har til og med røysta for den same planen!

Når ein skuldar andre for å bløffa må ein kunna dokumentera dette, så Djuvsland bør anten trekkja skuldinga eller dokumentera at nokon i Senterpartiet har hevda at me får netto 48 nye plassar frå første dagen den nye delen vert teke i bruk. Og om Djuvsland hadde teke seg bryet med å setja seg inn i saka før ho slenger ut skuldingar mot andre, hadde ho visst at det netto vert 10 nye plassar og ikkje 5 på sjukeheimen i år. 2 av desse skal brukast til pasientar Stord kommune i dag leiger plass til på Fitjar.

Så er planen å ta i bruk nyoppussa rom til nye brukarar etter kvart. I dag er det sett av midlar til 5 nye plassar i året. Men Stord Senterparti veit at trongen for sjukeheimsplass er stor, og det er bakgrunnen for at ein av våre 3 viktigaste saker komande periode i tillegg til Nysæter ungdomsskule og nye skulelokale i Langelandskrinsen er å ta i bruk nye sjukeheimsplassar minst i det tempoet som er planlagt. Me trur at det må løyvast ekstra midlar til raskare opptrapping enn 5 nye plassar i året, og det er bakgrunnen for at me er svært forsiktige med å lova for mykje til andre tiltak komande periode.

At Frp på Stord ikkje ser ut til å vera interessert i eldreomsorg kjem også tydeleg fram gjennom at dei har så lite tru på eigen vilje og evne til å prioritera eldreomsorg at deira mål er å gje frå seg ansvaret til staten om dei vinn valet. Det er kanskje ikkje så rart når me ser at tilsette ved sjukeheimen på utstillingsvindauga Os no går ut og varslar om pasientar som døyr åleine utan at pårørande eller tilsette er til stades, om vakter med berre assistentar til stades, feilmedisinering grunna høgt arbeidspress, kalde middagar og så dårleg reinhald at pårørande vil overta.

Stord Senterparti ynskjer ikkje slike tilstandar på den fantastisk flotte nye sjukeheimen som snart vert teke i bruk, og vonar innbyggjarane på Stord som er opptekne av å gje våre gamle eit verdig tilbod røystar på parti som har vilje og evne til å prioritera eldreomsorg.

Jakob Bjelland,
ordførarkandidat,
Stord Senterparti

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut