annonse

Nokre høgreiste tankar – nær havet

Mimrar
Mimrar: Per Jan Ingebrigtsen ser både tilbake og litt framover i dette innlegget, om Leirvik og hamneområdet. (Foto: Arkiv)

Her ein dag gjekk eg inn på Sunnhordland sitt digitale arkiv og var navleskuvande. Oi! Der kjem det fram mykje rart, frå tidleg 60-tal og framover, skriv Per Jan Ingebrigtsen.

  • Meiningar

Det meste kan eg stå for den dag i dag – men langt frå alt.

Kulturengasjementet var stort, då som no. Eg var ein av leiarane i NGU (ungdomsfråhaldsrørsle), leiar i Stord ungdomslag si teatergruppe og leiar i eit stort Stord Unge Venstre. Så starta Atle Hansen og eg opp kulturklubben FOKUS. Me laga show og arrangerte konsertar med landskjende visesongarar og rockeband. Og så var me passeleg opposisjonelle – og radikale. Men me fekk sleppa til i Sunnhordland, trass i at redaktøren sikkert såg på oss som nokre urokråker. Hugsar at ein landskjend mannleg komikar her frå øya, i ein sommar-revy, mange år seinare, framstilte meg som AKP-ml-ar med grøn militærtaske dinglande på rumpa. Skivebom! Men eg tilgir han så gjerne – for det var fleire med han, av dei som budde nord-aust for Kyrkjeberget, som trudde at alle som ytra seg mot etablissementet, var beinharde kommunistar …

Sjølv om eg er fødd i ei gammal husmannsstove på Heio, der Ola Høyland sine kyr, av rasen Norsk Rødt Fe, ønskte meg rautande velkommen, har eg alltid følt meg tiltrekt av Leirvik og hamna. Eg må ha eit urbant gen. Det som får meg til å synast at skyskraparen Center Point, i enden av Oxford Street i London, er eitt av dei vakraste bygga eg har sett, genet som får meg til å synast at «Høge-tinden» i Hamnegata ser ut til å verta eit flott bygg. Eg sa det til ei eg ofte har felles tankegods med – ho meinte eg burde gå heim og vaska munnen min …

Men slik fungerer demokratiet, heldigvis, me treng ikkje vera samde om alt, og som den stabeisen eg er, følgde eg ikkje oppfordringa.

Leirvik har noko Heiane aldri kan få: Hamna. Tenk å strekka ein promenade-kai frå vakre Stord-døra til Kyrkjeberget, med benkar og eit mangfald av skulpturar undervegs – og på Kyrkjeberget – i enden av promenaden, står «Den Høgreiste» og skuvar ut over havet. Og då kan det tenkjast at til og med Håvard Hystad, der han kjem ridande på den elektriske hesten sin, vil stoppa opp, sleika havsaltet av leppene og kviskra til seg sjølv. «Nei, sjå der! Kan ein verkeleg skapa noko så vakkert av skrapjern?»

Så kunne ein vandra bilfrie Borggata attende, og kanskje få sjå snurten av Kjell Larsen, der han streinar inn i Rådhuset med ein bunke med underskrifter under armen, med krav om å få køyra bil gjennom kvar ei gate og kvart eit smug på Leirvik. Ei underskriftsliste som inneheld alt frå lystige drosjepassasjerar, til verdskjende skiløparar – og ei og anna filmstjerne frå Hollywood. Har ein først markert seg som ein rullande grasrotdemokrat, så må ein rekna med å verta omfamna av ein og annan selebritet …

Bestemor mi jobba på Thiis-fabrikken, ein av fleire hermetikkfabrikkar, som også var dei første kvinnelege industriarbeidsplassane på øya. Ho budde i eit knøttlite hus over vegen frå Sjøhuset, der det no er skoten ut for høghus. Når eg går forbi der, hender det at eg kikkar opp i lause lufta, der den fattigslege bustaden før klamra seg til ein bergnabb, og tenkjer at dåke kvinnelege industripionerar på Stord, sanneleg hadde fortent eit monument.

Bestemor har for lengst flytta nokre etasjar oppover. Det er kanskje der eg har genet frå …

Per Jan Ingebrigtsen,
Stord

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut