annonse

«Norsk tilknyting til Acer?»

Ap-leiar
Ap-leiar: Katrin I. Ankervold. (Foto: Marius Knutsen)

  • Meiningar

Stord Arbeidarparti ber Ap si stortingsgruppe reservere Noreg mot suverenitetsavståing til EUs energibyrå ACER. ACER har som formål å lage eit felles europeisk nett for både gass og straum, der ein ikkje tek nasjonale omsyn. Mens dagen samarbeid er rådgjevande, skal ACER fatte bindande fleirtalsvedtak. Konkret vert det foreslått at ACER skal vedta reglane for når straumen skal flyte den eine eller andre vegen gjennom eksportkablane. I Noreg er den kraftforedlande prosessindustrien ein nøkkel industri i mange lokalsamfunn. Det er all grunn til å frykte at Noreg vil mista ein svært viktig konkurransefordel om store deler av all norsk kraftproduksjon vert eksportert.

Stord Ap ynskjer å sikra nasjonal kontroll over energipolitikken, også for slektene som kjem etter oss.

Samrøystes årsmøtevedtak frå Stord Arbeidarparti.

Katrin I. Ankervold,
leiar i Stord Arbeidarparti

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut