annonse

«Ny regjeringsplattform, den grønaste – ever!»

Grønaste ever
Grønaste ever: Øyvind Kyvik og Liv Kari Eskeland meiner den nye regjeringsplattforma har mange gode klima- og miljøaspekt. Her med statsminister Erna Solberg. (Foto: Henrik Mundal Andreassen / arkiv)

  • Meiningar

I den nye regjeringsplattforma er klima og miljø-aspektet eit gjennomgåande tema, og vi har aldri før sett ei plattform som tek eit så tydeleg klima- og miljøansvar. Gjennom omstilling skal vi ikkje berre syte for at vi beheld dei velferdsordningane vi har opparbeidd oss, men vi legg også til rette for at næringslivet skal vera med på den enorme snuoperasjonen det er å sikre eit nasjonalt mål om 45 % utsleppskutt innan 2030 samanlikna med 2005. Dette er ein ambisjonsauke på 5 % frå førre plattform vart presentert. Regjeringa legg i plattforma opp til ein avgiftspolitikk som skal premiere grøne val, samtidig som det vert lagt eit løp for sektorvise kutt i utsleppa. Mellom anna vil det bety at byggje- og anleggsplassar skal vera utsleppsfrie innan 2025. At det ikkje skal seljast personkøyrety som går på fossilt drivstoff etter 2025, og at det i våre verdsarvfjordar ikkje skal gå skip som forureinar etter 2026. Det vert og lagt opp til ei gradvis opptrapping av CO2 avgifta som på sikt vil gjere at det lønar seg å velje nullutsleppsløysingar.

Det betyr også at Enova får utvida mandat og tilført fleire hundre millionar for å støtte opp kring «grøne» prosjekt, og at innovasjonsposten i statsbudsjettet er på over 2 milliardar for å utvikle og vidareutvikle grøne arbeidsplassar. Samstundes vert det satsa historisk på veg og bane som gjer at ein kjem effektivt fram, og det vert lagt opp til forenkling i kollektivtransporten gjennom digitalisering.

For eit land der svært mykje av energien vår kjem frå fornybar energi, betyr desse målsettingane at vi treng omstilling til teknologiar vi enno ikkje kjenner. Eksempel på dette er det innovative arbeidet som vert fasilitert gjennom Maritime Cleantech for grøn skipsfart, der fossilt drivstoff vert erstatta av elektrisitet via batteri, eller på sikt hydrogen produsert av vasskraft eller vindkraft. Høgre vil vere med på å heie fram og støtte opp om desse innovatørane som er med på å skape framtidas transportsektor.

Vi må setje krav til at næringslivet må tenkje på berekraftige løysingar gjennom produksjon og handling, og sjå på klima og miljø som ein viktig berebjelke. Samstundes betyr det også at kvar enkelt av oss må stille oss spørsmålet om dei handlingane og vala vi tek er berekraftige. At vi nyttar oss av dei mogelegheitene som vert lagt til rette for oss gjennom kjeldesortering og resirkulering, gjennom kollektivløysingar og andre forbrukarval vi sjølv kan bestemme. Høgre vil alltid føre ein politikk som gjer at det lønar seg å velje klimavennlege løysingar både for næringslivet og for privatpersonar.

Kommunar og fylke bør utarbeide gode strategiar og handlingsplanar for korleis dei tenkjer å leggje til rette for oss innbyggjarar. Vi ønskjer at Stord kommune skal ta ei aktiv rolle for eit berekraftig samfunn og verte ein miljøkommune mellom dei beste i landet. Då er det ikkje godt nok med utdaterte energi- og miljøplanar som ikkje tek innover seg dei utfordringane vi står overfor, eller ikkje legg til rette for at vi som innbyggjarar kan velje miljøriktig. Høgre vil føre ein framoverlent nærings- og miljøpolitikk med fokus på ei grøn framtid i Stord kommune som kjem både klimaet og innbyggjarane til gode.

Vi ønskjer oss ein kommune som gjennom sin innkjøpsmakt går føre med gode eksempel og set miljø og klima som ein vesentleg del av avgjerdsgrunnlaget. Vi ønskjer oss ein kommune som gjennom tilrettelegging gjev innbyggjarane høve til å ta kloke og berekraftige val. Det gjeld tilrettelegging for gåande, syklande og kollektiv. Ein kommune som set krav til dei som skal levere tenester til oss, at også dei vert vekta – ikkje berre på pris men også på miljø. Ein kommune som innfører «klimaskule» og «klimabarnehage», ein kommune som syt for at eigne bygg og anlegg tilfredsstiller energi og klimakrav i høgste klasse, at det er god infrastruktur for el-lading til bilar. Me vil og leggje opp til miljødifferensiering for båtar som kjem til kai, ein kai som sjølvsagt er tilrettelagt for landstraum, ladestraum og avfallshandtering frå farty.

Matsvinn er eit stort problem i forbrukarsamfunnet som me i dag lever i. Berre i Noreg kastar me over 350.000 tonn fullt spiseleg mat i året. For å få bukt med dette problemet ynskjer me å stille krav til å redusere matsvinnet i dei kommunale tenestene i Stord kommune. Me vil ha ei målsetjing om å redusere matsvinnet i kommunen vår med 50 % innan 2030. Dette i tråd med ei «Too-good-to-go» -bedrift som sel vidare matrestar og fullt brukbare råvarer som ikkje vert nytta i kommunal sektor.

Med Høgre i regjering set vi berekraft, klima og miljø høgt. Vi innrettar avgiftspolitikk og innovasjonsmidlar slik at det skal vera enklare å ta dei rette vala og å utvikle grøn industri. Desse ambisjonane har også Høgre for kommunen vår, næringslivet vårt og for innbyggjarane våre, og skal på dette vis styre både landet og kommunen vår inn i framtida på ein sikker, berekraftig og effektiv måte. Med Høgre ved makta skal me jobbe aktivt for at kommunen gjennomfører- og får best nytte av regjeringas politikk, samt sørgje for at me når ambisjonen vår om at Stord kommune skal gå føre som ein grøn og framtidsretta miljøkommune.

Henrik Engevik Hatlevik,
leiar i Stord Unge Høgre

Liv Kari Eskeland (H),
energi og miljøkomiteen på Stortinget

Øyvind Kyvik,
ordførarkandidat for Stord Høgre

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut