annonse

Ny utsetjing av Nysæter ungdomsskule

Slitt
Slitt: Slik ser det ut på Nysæter ungdomsskule i dag. (Foto: Privat)

  • Meiningar

Klubben ved Nysæter ungdomsskule vil med dette uttrykkja sterk uro for forslaget med og utsetta Nysæter ungdomsskule med nok eit halvår!

Som kollegium meiner me at bygging av nytt basseng må kunna komma som byggjetrinn 2 ved nye Nysæter ungdomsskule.

Den nye ungdomsskulen i Sagvåg og Litlabø-området såg ut til å verta eit prosjekt som følgde tidsplanane, og let til å vera godt planlagt og i rute. Etter rådmannen sitt forslag om å utsetja nye Nysæter ungdomsskule med endå eit halvår, føler me som er tilsette ved skulen det er på tide å ta bladet frå munnen.

I skulebruksplanen til Stord kommune står det gjentekne gonger at det skal vera eit likeverdig skuletilbod til alle elevane. Slik situasjonen er ved Nysæter ungdomsskule i dag kan ein ikkje seia at dette er tilfelle. Nordbygdo ungdomsskule var ny i 2010, nye Stord ungdomsskule var ny i 2018, medan majoriteten av skulebygget på Nysæter er frå 1974. For både elevar og lærarar er dei fysiske forholda så utfordrande at det byrjar å gå på helsa laus. Tilsette ved skulen har vore nøydd å skifta arbeidsplass, medan elevar får utfordringar med hovudverk og konsentrasjonsevne, samstundes som dei vegrar seg for å gå på toalettet i løpet av skuledagen. Ventilasjonsanlegget ved hovudbygget til skulen var ifølgje rapporten til Multiconsult «ikkje eksisterande». Store mengder mugg i bygget, i tillegg til lekkasjar, er stikkord i denne samanhengen.

Slik situasjonen er i dag så er det bygginga av nytt basseng tilhøyrande skulen som er flaskehalsen i denne prosessen. For folk i Sagvåg og Litlabø-området er det absolutt viktigaste at det kjem ein ny skule. I ein prosess som dette, som mest truleg vil ta mange år, bør det vera uproblematisk å leggja til det naudsynte bassenget som eit byggjetrinn 2. Nysæter ungdomsskule står øvst på skulebruksplanen til Stord kommune, difor ser me med overrasking på store investeringar som er føreslegne ved Langeland skule.

Politikarane i kommunen er no nøydd å prioritera dette prosjektet. For oss som tilsette ved skulen er det faktisk gått så langt at me ser fram mot å komma i brakker i ein overgangsperiode før den nye skulen står ferdig. Dette håpar me skjer før heller enn seinare.

Jonatan Gniste,
klubben, Nysæter Ungdomsskule

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut