annonse

Ny veg til Os­ter­ne­set

DÅRLEG VEG
DÅRLEG VEG: Johannes Slet­te­bø mei­ner Fit­jar kom­mu­ne bør pri­o­ri­te­ra ve­gen til Os­ter­ne­set. (Foto: MARIE KNUT­SEN BRUN­TVEIT)

  • Meiningar

Vi­ser til re­por­ta­sje 27.7. i «Sunn­hord­land» om Osternesvegen. Re­por­ta­sjen byg­gjer på brev frå un­der­teik­na til ord­fø­rar Wen­che Tislevoll, samt svar frå ord­fø­ra­ren. Mitt brev vekt­la sær­leg at ungdom ik­kje vil eta­ble­ra seg i om­rå­det. Min på­stand er at det­te mest av alt skul­dast følg­jan­de:

* Dår­leg, ut­da­tert veg, alt­for smal og svin­ge­te, dels far­le­ge par­ti *Mang­lar god­kjent (les kom­mu­nalt) drik­ke­vatn *Mang­lar of­fent­leg klo­akk

Sva­ret frå ord­fø­ra­ren var po­si­tivt med tan­ke på vatn og avlaup, nem­leg at det vert job­ba med pla­nar for det­te. Ho var meir nø­lan­de når det gjeld ve­gen, et­ter som det­te er for det mes­te fyl­kes­veg. Då skul­le, slik eg ser det, tida vera den ret­te til å sat­sa på ve­gen også. Det er både prak­tisk og god sam­funns­øko­no­mi å sam­køy­ra net­topp desse til­ta­ka. Po­li­ti­ka­ra­ne i Fit­jar må stå på for å få det­te til sna­rast. Det kan gje­rast gjennom t.d. forskottering av mid­lar og sam­stun­des trykk mot fyl­kes­po­li­ti­ka­ra­ne for snar­le­ge løy­vin­gar.

Eit apro­pos når det gjeld veg og vatn: Ein brann i det­te om­rå­det vil få al­vor­le­ge følg­jer grun­na man­gel på vatn. Pri­va­te kjel­der du­ger lite mot ein stør­re brann der hus er tru­ga. El­les har ut­ryk­kings­køy­re­tøy ved flei­re høve ( eg kjen­ner til tre dei sis­te åra) hatt sto­re prob­lem med å koma seg fram i om­rå­det. Liv og hel­se kan stå på spel.

Det stun­dar til kom­mu­ne­val. Her er ei god sak å ta tak i for dei fles­te par­t­ia.

Me treng både ny-etab­le­rin­gar , reint drik­ke­vatn og bet­re veg­stan­dard!

Me gler oss!

Johannes Slet­te­bø

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut