annonse

Nyansering trengst

Sunde-Huglo
Sunde-Huglo: Den nye flytebrua er tenkt mellom Sunde-området og Huglo. (Foto: Illustrasjon)

  • Meiningar

Ivar og Lars Amund Vaage har i Sunnhordland den 26. november ein ganske grei gjennomgang av naturinngrep som dei antar Sunnfast vil innebera i området kring sine eigedomar. Vidare har dei fornuftig argumentasjon opp mot klassisk naturvern og naturen sin eigenverdi.

Det er rett at infoavisa er eit propagandaskriv. Det er det ho er meint å vera. Spørsmålet er om det som står der er rett og ærleg. Det er det så langt vi veit. Formålet er på ingen måte å belysa alle sider av prosjektet. Det viktigaste målet er å visa at det er realistisk, kva det vil kunna medføra i reisetider, samla støtte og skapa blest, og ikkje minst øva påtrykk for å få sørleg kryssing av Langenuen.

Til hovudsaka: Ja, bygging av dette vil øydeleggja natur. Dette står det lite om i infoavisa, anna enn mine korte referansar. Men det må belysast etter kvart som dette skrid framover, gjennom offentleg ordskifte, planprogram, planprosess og høyringar. Då er det opp til demokratiet, i mange former: Kommunen som planmynde, fylkeskommunen som vegeigar, staten bl.a. i form av fylkesmann, direktorat, og vernevedtak. Difor er det svært bra å få opp motførestillingar, som innlegget til Vaage-gutane.

Men vi har berre presentert ei skisse. Vi kan oppklara feilslutningane i innlegget andsynes skissa, men trasé eller utforming er ikkje på nokon måte bestemt. Vi kan ikkje omtala alle mistydingar i innlegget, men nokre.

Det er ikkje meint rundkøyringar i Grønstøl eller Våge. Truleg vert det vanlege kryss.

«Vegen kjem like ved våre hus og hytter og gjer somme av dei forringa eller verdlause»: Næraste bustadhus til vegen i Våge er Ragnvald Vaage sitt og vil liggja ca. 200m unna, men det ligg ein haug/åskam mellom slik at huset blir heilt avskjerma. Hytta til Knut ligg også ca. 200m unna den skisserte traseen. Husa på Stølshaugen i Våge vil liggja ca. 350m unna. Dette er ikkje ein veg der trafikken vil «dundra» vesentleg meir enn elles i kommunen, det vert ein ganske rett strekning med fartsgrense 80 eller kanskje 90 km/t, delvis i tunnelar.

Les også: Har kniven på strupen

«Vegen vil koma nær Storarøyso». Vegvesenet har sjølvsagt oversyn over alle kulturminne og ulike spesielle naturtypar m.v., også dei som ikkje er freda. Vegen går ca. 150 meter unna Storarøyso.

«Truleg […] føra til øydelegging av den idylliske Bjellandstjødno og området utover Bjellandsneset ved Grunnevikjo og Krabbahopen». Vegen vil nok gå litt i dagen og i korte tunnelar utover mellom sjøen og Bjellandstjødno og vil ikkje øydeleggja dette. Vegen vil passera Grunnevikjo heilt inst i denne, -men svaberga der folk kamperer vil vera uberørt, det same med Krabbahopen. Andre folk busett i området har kontakta oss med innspel til korleis dette kan tillempast for ytterlegare å bevara badeplass og turområde.

«Vegen [vil] gå over dyrka mark»: ja, eit par mål.

Når vi kjem over på Huglo unngår vi eit landskapsvernområde og sender deler av vegen i tunnel. Uansett er Huglosambandet vedteke uavhengig av dette prosjektet, så mykje av naturinngrepa vil skje der uansett. (Naturen utanfor Kvinnherad har jo også verdi, så vi prøver å ta omsyn til den òg.)

«Klart i strid med verneforskriftene for eit eventuelt verneområde»: Det marine vernet ikkje er eit absolutt hinder for Sunnfast. Eg røysta sjølv for vern, i eit mindretal, då Kvinnherad kommune gav høyringssvar mot verneplanane. For det første vil alt vern kunne tillata inngrep, dersom samfunnsmessige omsyn er sterke nok. For det andre fokuserer verneplanen på den UNDERsjøiske naturen, slik dei sjølve siterer fylkesmannen på. Dette er faktisk ei flytebru. Inngrep i undersjøisk natur er små. Nye ferjekaiar ville vore eit større inngrep, for dei krev stor utfylling i sjøen.

Debatt: «22 minuttar mellom Leirvik og Husnes er heilt vilt»

Utanom desse mistydingane og overdrivingane så har Ivar og Lars Amund ein god gjennomgang av akkurat sitt nærområde, sjølv om dei altså er overdrive pessimistiske. Det er forståeleg at dei ikkje ønskjer noko som helst inngrep nett der. Det er berre der det er mest tenleg å gjera dei.

Det er lite om naturinngrepa i avisa, men det er også lite konkret om kva dette kan føra til av nytte. Eg skal ikkje gå på ei full drøfting, men for meg er det opplagt at det vil tena attraktiviteten til Kvinnherad, samhandlinga mellom bedrifter og offentlege verksemder, folk sin tilgang på arbeid og offentlege tenester (som skule og sjukehus), bedriftene sitt høve til å driva. Fleire bedrifter eg kjenner i Kvinnherad seier dei merkar at det blir vanskelegare og vanskelegare fordi kommunikasjonane stagnerer eller vert forverra. Hardanger har merkbar tilbakegang i folketal, ytre Sunnhordland har sterk auke, medan Kvinnherad har klart å oppretthalda folketalet sitt i strid med negative prognosar i alle år. Eg trur det vil gå dårlegare med oss dersom vi blir liggjande i bakevja medan ytre Sunnhordland får stadig betre samferdsel. Dette er kompliserte spørsmål, det dreier seg om framtida, så det er uansett usikkert og ein vil ha ulike oppfatningar. Men ein kan studera statistikk, tilgjengeleg kunnskap, og samanlikna med utviklingstrekk andre stader. Eg er i alle fall ikkje i tvil: Dette sambandet vil vera av avgjerande tyding for om Kvinnherad skal svinna hen, eller veksa. Eit svinnande Kvinnherad kan vera fint for å bli pensjonistar og gamle i all forgubbinga, og det kan vera fint for dei som ferierer her i periodar, eller som kan pendla eller jobbar i Nordsjøen. Men det er ikkje det Kvinnherad eg håpar på for framtida.

Desse omsyna må vegast mot naturinngrepa, som eg verkeleg meiner er moderate. Ja, dei største inngrepa er akkurat kring Våge og Bjelland. Men det er ikkje slik at dette blir heilt øydelagt.

Les også: – Ser store fordelar med fastlandssamband

Eg har fullstendig respekt for dei som har ei anna vurdering av samfunnsnytte mot natur. Og har full forståing for at ein ikkje likar å få dette i sin eigen bakgard. Eg er glad for at planane ikkje er på langt nær så destruktive som Vaage-gutane trur. No må kommunar og fylke og konsulentar få fram langt grundigare utgreiingar enn vår vesle avis. Deretter skal demokratiet avgjera, så alle får sjansar til å meina noko før noko vert avgjort.

Gaute Lund,
Sunnfast

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut