annonse

Nye regionale oppgåver

Samarbeid
Samarbeid: Samarbeidsrådet for Sunnhordland og Haugaland vekst ønskjer å leggja til rette for meir samarbeid mellom regionane. Her er styreleiar Wenche Tislevoll i Samarbeidsrådet. (Foto: Henrik Mundal Andreassen)

  • Meiningar

Haugaland Vekst regionråd og Samarbeidsrådet for Sunnhordland består av ordførarar og rådmenn i ein storregion på 16 kommunar og ca. 173.000 innbyggjarar. I eit fellesmøte 20. april 2018 vedtok råda å gje følgjande felles uttale:

Regionsråda merkjer seg at Rogaland og Hordaland diverre ikkje fann saman i regionreforma. Ein sterk region mellom Stavanger og Bergen ville kunne vorte ennå sterkare om dagens politisk/administrative grenser hadde blitt viska ut. Regionsråda merkjer seg også at det over tid kan vera grunnlag for å ta opp nye samtaler. Haugaland og Sunnhordland region er einaste region på Vestlandet som i tillegg til Bergen og Stavanger har reell kraft til å vera ei motor i utviklinga av eit samla Vestland.

Regionsråda ber spesifikt om at dei to fylkeskommunane samarbeider på tvers av grenselinene for å finna gode løysingar for å fremja vidare vekst i den samla regionen Sunnhordland-Haugalandet. Regionsråda vil be om at konkrete funksjonar vert lagt til denne regionen, i første omgang ser me at det kan vera aktuelt å leggja ansvar for SIVA og Imdi til vår region. Samarbeidsrådet for Sunnhordland vil kunna stø at funksjonar som spring ut frå Hordaland kan leggjast på Haugalandet om det er mest tenleg. Haugaland Vekst vil tilsvarande kunna stø at funksjonar som spring ut frå Rogaland kan leggjast til Sunnhordland om det er mest tenleg.

Jarle Nilsen,
leder, Haugaland vekst

Wenche Tislevoll,
styreleiar, Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut