annonse

Nye voner om lange ansikt

Innlagt
Innlagt: Eg har inderleg medkjensle med pasientar som skal fraktast frå «langtbortistan», og frå stokk til vegg. Turen min var berre 29 km, skriv Nils Vestbøstad. (Foto: Marius Knutsen / arkiv)

«Der er mange nok som vil domar vera, og le åt alt som dei andre gjera, og lyte finna dei rundt ikring, men sjølve gjer dei ingen ting!», skriv Nils Vestbøstad.

  • Meiningar

Det e ikkje måte på kor storarta dei skal styra dersom dei får styringsmandat.

Eg er ikkje alltid einig med at dei beste løysingane er gjennomførte.

Me kan ikkje forventa dei beste resultata når alt skal planleggjast og styrast av politiske broilerar som aldri har gjort eit praktisk arbeid. Er du udugande i jobben du har, kan du gå, og få med deg ei saftig etterløn. Så kan du oppretta eige konsulentfirma, der du kan lokka andre «opp i stry».

Det er ei gammal regle som lyder slik: «Når gauken har gale, vert Morten til Pale. Når gauken er lei, blir Palen til Sei». Dette er ting som naturen ordnar utan gauken sin medverknad. Det einaste gauken gjer er å leggja egga sine i andre sine reir, for så å stikka av, så snart han ser ei hås eller høysåte.

Skal me gå ut frå slik partileiarane har vorte presentert på TV kan me ikkje venta oss så mykje; Erna stiller med eit knippe blå ballongar. Jonas kryner seg med avblomstra roseblad og Knut Arild bles såpebobler. Den einaste som har noko matnyttig, er Siv, som har eit eple!

Sjølv om eg er gammal og utgått på dato, er eg så oppstanasige at eg kjem med ynskje for dei neste fire åra.

Diktaren skildrar «Å koma under gauketre», slik: Det er å koma under det tre der gauken slår seg ned og set og gjel og blundar, Tre ting du då kan ynskja deg, om så det var å gyllast, og dette opp skal fyllast!», Det var berre det at gauken stakk av før diktaren hadde gjennomført ritualet som var turvande for at ynsket kunne oppfyllast. «– og eg sat atter sviken!»

Eg tenkjer på dei vegprosjekt som ikkje vert sluttførte og endar i vonløyse. Er det noko som kan koma seinare slekter til gode, er det vegar og jernbanar, som ikkje kan flaggast ut.

Kravet må vera: Fullfinansiering og kontinuerleg drift på alle prosjekt som er påbyrja. Det må bli slutt på at ei Jostedalsrypa, eller ein Askeladd som brøyter seg fram gjennom krattet, kjem fram til ein stuff der geitrams, bjørk og selje har innteke traseen.

Mitt ynskje er at bedriftene får levelege kår og at byråkratane som berre pønskar på nye skattar og avgifter for å «mala si eiga kaka», kan gjera noko meiningsfullt. Det er lagt mange slags egg.Om alle er fredde og vil klekkja, eller berre liggjande å råtna, vil visa seg. Dei som lever får sjå. I skrifta er det ein sort: Om du knuser eit kjem det ut ein eiterslange:

Eg hadde ferieveka mi på Stord sjukehus i år. Med venefloner i begge hendene for hyppige tankingar, og «drivanker» for avrenning, kunne eg ikkje gjera så store sprell. Når du har evne til å slappa av, ikkje har smerter og kan kopla ut alt frå halsen og ned, kan du ikkje ha betre høve til å la tankane sviva. Fortøyingane vart løyste, så eg fekk gjera min borgarplikt.

Inntransporten vekte barneminne hos meg: Å saman med nokre liggja på langsleden, saman med nokre tomme oljespann: Doningar har jernskodde hjul, grusveg med vaskebrett, og hesten i luntetrav.

Eg har inderleg medkjensle med pasientar som skal fraktast frå «langtbortistan», og frå stokk til vegg. Turen min var berre 29 km.

Mi tilråding er at desse som ivrar for å strippa lokalsjukehusa eller, leggja dei ned, vert tilgodesett med ein tur i ambulansen, (internt kalla brødbilen) den lengste løypa som kan vera aktuell. Det kan nok henda at det vil koma på tale med sjukemelding, med diagnosen mørbanka biff, undertittel: A la Lindstrøm, eller Stroganoff, alt etter objektet si naturlege polstring.

Nils Vestbøstad,
Fitjar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* indicates required
Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut