annonse

Nytt inntekts­system tvingar Kommune-Noreg på spare­bluss

Regjeringspartia la førre veke fram den nye samarbeids­avtalen om nytt inntekts­system for kommunane. Det var dyster lesnad for heile 263 ordførarar rundt om i det ganske land, skriv Annar Westerheim.

Ein kan få inntrykk av at det berre er Fitjar kommune som vert råka.
 
 
 
Grendeskulane er attpåtil omtala i BT, der Helge A. Njåstad er bekymra for Fitjar sin evne til å klara seg på eiga hand utan samanslåing med Stord kommune.
 
 
 
Dei 15 største kommunane tener på endringane.
 
 
 
Samtlege 65 kommunar mellom 10.000 og 20.000 innbyggjarar taper på ordninga, ja du las rett: SAMTLEGE.
 
 
 
Både Stord, Bømlo og Kvinnherad taper på det nye inntektssystemet.
 
 
 
Og ikkje nok med det, 87 kommunar med folketal mellom 5.000 og 10.000 taper inntekter, kun to kjem i pluss.
 
 
 
Er Austevoll, Njåstad, sin heimkommune ein av dei to?
 
 
 
52 kommunar på Fitjar sin størrelse med 3.000 - 5.000 innb. taper inntekter, kun 15 kjem betre ut.
 
 
 
Av kommunar under 3.000 innb. taper 52 inntekter, 106 kjem ut på plussida.
 
 
 
I Sunnhordland sist veke uttalte Håkon Frode Særsten (V) seg om auka eigedomsskatt for innbyggjarane i Fitjar om dei røysta nei.
 
 
 
Konsekvens auka eigedomsskatt, sjølv med full eigedomsskatt i Fitjar (7 promille), vert satsen mindre enn den framtidige vassavgifta for innbyggjarane i Stord kommune.
 
 
 
Avgifta for avløp vert også dobla som resultat store investeringa på vatn og avløp.
 
 
 
Ei stabil låg rente er også avgjerande for at avgiftsnivået ikkje aukar ytterlegare.
 
 
 
Utbetring og midlar til FV 545 mellom Fitjar og Leirvik er også omtala som eit betre fellesprosjekt med kommunesamanslåing.
 
 
 
Kan i den forbindelse nemna at dei to største motstandarane av Stord vestside bompengesøknad var Helge André Njåstad og Sigbjørn Framnes.
 
 
 
Sagvåg bru er snart ferdig, vegparsellen Rimbareid til Vik står snart for tur, reguleringsplan for Fitjar sentrum er klar om kort tid, og 2 km av vegen ved Rydlandssaga (kommunegrensa) skal rustast opp til 7,5 meter vegbreidde.
 
 
 
Om Njåstad var lika høgrøysta då bompengar vart innført på ferja mellom Halhjem og Sandvikvåg skal vera usagt.
 
 
 
Mykje tid og uvissa kunne vore spart med ein prosess som starta i den rette enden.
 
 
 
Kommunane sine nye oppgåver (utgifter) er endå ikkje klarlagde, det same gjeld inntektssystemet som skal til behandling i Stortinget før ferien.
 
 
 
Dei som når først i mål vert premierte, dei som ikkje kjem på pallen får smaka medaljens bakside.
 
 
 
Annar Westerheim

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut