annonse

«Nyttårsforsett – det er farleg, det»

Eit nytt liv
Eit nytt liv: Nyttårsforsettet gjekk ikkje heilt etter planen for Halvard Wiik, som har eit heilt klart råd til andre med nyttårsforsett - ikkje legg ambisjonsnivået for høgt! (Foto: Lars Slettebø / illustrasjon)

Når årsskiftet nærmar seg er det vel for dei fleste slik at dei tenkjer litt ekstra på det som ligg framføre. Slik også med meg, skriv Halvard Wiik.

  • Meiningar

I si tid (ca. 45 år sidan) var eg, slik eg hugsar det, ein relativt kraftig og velvaksen ung mann på 174/82. Så kom tida med jobb, eigen familie og travle dagar. Etter som åra gjekk vart vekta høgare og kondisen lågare, men eg tok det ikkje inn over meg. Framleis sa dei jo på butikken når eg handla nye klede: Det er ei utfordring å finna passande klede til ein så kraftig kar som deg.

Slike positive kommentarar smakte jo godt, og ubevisst sette eg brystkassen ekstra ut og trekte magen ekstra inn. Resultatet vart at eg nesten alltid kom heim med jakker som hang og slang, og bukser som var så tronge rundt livet at eg såg ut som ei pølse som var knytt på midten. Det gjekk ganske mange år før eg fekk mistankar om at ordet kraftig betydde noko anna i klesbutikken enn elles i livet. Før i tida snakka dei om kloke koner. Eg kan stadfesta at slike finst enno. Mi t.d., klarte å ordna det slik at ho etter kvart alltid vart med meg på klehandel utan at det gjekk ut over sjølvkjensla mi. Eg finn det klokt å stillteiande ta imot slik hjelp.

Så kom eg til eit punkt i livet der skylappane fall frå augo mine, og eg byrja å sjå klart. Det hadde seg slik at eg ein sein haustdag fekk ei kule med isjias som medførte nesten total inaktivitet i fleire veker. Berre éin ting fungerte like godt som før same kor flat eg låg, og det var matlysten. Etter prøvingar hardare enn noko menneske hadde vore gjennom før, kreka eg meg til slutt på beina igjen. Eg stilte meg framfor spegelen, og der såg eg ein skapning som mest av alt likna på ei gås av den kvite sorten. Ein blåkvit, pæreforma figur stod skjelvande på to tunne pipestilkar. Kunne dette vera meg? Der og då bestemte eg meg for at noko må gjerast, eitt strakstiltak og eitt langsiktig tiltak:

1. Baderomsspegelen skal bytast ut i morgon den dag med ein som berre viser bilete frå brystet og opp.

2. Den veltrente kraftkaren skal oppstå i si fordoms prakt.

Eg innvigde næraste familien min i kva som var på gang. På julekvelden vart det tydeleg at eg hadde deira fulle støtte. Den kloke kona mi kjøpte racersykkel til meg. Dei andre følgde opp med naudsynt tilleggsutstyr. Sykkelshorts med innlagt «bleie». Stram sykkeltights som gjer figuren meir aerodynamisk slik at luftmotstand vert minimalisert. Klikksko som skal festast til pedalane for å betra sikkerheit og effektivisera trøing. Sykkelhjelm som skal berga dei små grå om uhellet skulle vera ute.

Halvard Wiik: Mangt og mykje var enklare før enn no

I mitt stille sinn såg eg ikkje lenger berre lyst på året som no låg framføre, for eg forstod at eg hadde nådd «The point of no return». Det var merkeleg kor ekstra godt pinnakjøtet, for ikkje å snakka om desserten, smakte når eg tok realitetane inn over meg. Og så julebaksten då. Men hjelp kjem ofte frå uventa hald. Vinteren dette året vart uvanleg kald og langvarig. Sykling vart rett og slett ikkje forsvarleg før uti april, så eg fekk heldigvis god tid å psyka meg opp.

Så kom dagen, og eg var ikkje lite stolt då eg hadde rigga på meg alt utstyret og skulle starta det nye livet. Eg hadde jo sykla litt før, men det med sykkelsko som skulle vera fastspente til pedalane var nytt for meg. På toppen av første motbakken kom ein sambygding gåande. Farten min var då så låg at eg syns det ville vera uhøfleg å sykla rett forbi. Difor ville eg stoppa for å veksla nokre ord. Det skulle eg ikkje gjort. Då eg skulle setja foten ned i vegen hang han jo fast i pedalen. Eg ramla som ein tømmerstokk, og låg midt i vegen og kava for å få beina laus frå trøene, og det tok si tid. I påvente av at eg skulle koma meg opp i vertikal stilling, stod naboen min og sperra trafikken slik at folketalet i Fitjar ikkje skulle bli redusert. Ein gong til skjedde det same då eg kom heim etter fullført treningstur. Eg flata ut rett framfor kona som stod smilande og tok imot meg, men det vart ikkje så pinleg. Ho hadde eg jo falle for før.

Halvard Wiik: Eit naudsynt ærend

Eit par veker seinare var eg igjen utsett for uhell. Eg var nett komen i god driv nokre hundre meter frå heimen då ein laushund kom som skoten ut av ein hekk og tok opp jakta på meg. Eg sykla for livet med rovdyret halsande i hælane. Då eg kikka meg over skuldra for å sjå kor langt det var bak til forfølgjaren, kom eg nok i skade for å vri litt på styret. Dermed snudde framhjulet seg på tvers. Sykkelen bråstoppa, men ikkje eg. Eg for fykande, ut av mine gode sko, for dei hang jo fast i trøene, og så vart alt svart. Det neste eg hugsar er at eg sat barbeint midt i vegen medan stjernene bleikna og lyset sakte kom igjen. Hunden låg og lurte under hekken og betrakta parabelset han hadde stelt i stand. Han tenkte sikkert nett som Otto Jespersen: No vart du skremt ja. Eg avlyste resten av turen og kreka meg forsiktig heimover. Då eg stod i døra kjende kona meg knapt igjen. Eine auga var gøymt bak ein saftig blåveis, og elles såg eg ut som om hunden hadde smaka på meg. Men etter litt stakring, vasking og plastring, kjendest det ut som at eg kanskje kom til å klara meg. Eg fekk rett. Både eg, sykkelen og motivasjonen til å fortsetja, overlevde.

Trass i desse dramatiske «skudda for baugen», sette eg meg nye og meir ambisiøse mål. Eg melde meg på sykkelløpet Stord Rundt som skulle vera på ettersommaren, og byrja å trena enno meir strukturert og intenst. Etter kvart fann eg ut at syklistar og bilistar ikkje alltid er på god fot med kvarandre. Eg opplevde å bli spruta vatn på, at bildører vart hivne opp i fart for å skubba meg i grøfta og liknande. Men det verste var då ein svær NorCargo-trailer pressa meg nærare og nærare rekkverket og så plutseleg fløytte så ein kunne tru det var hurtigruta som var i hælane på meg midt på E39. Eg kvapp så hjarta hoppa over minst tre slag. Då kom det jammen vel med at sykkelbuksene er utstyrt med bleie.

Halvard Wiik: No kjem også eg ut av skåpet

Så kom dagen då eg skulle sykla «Stord Rundt». Eit halvt år med hard trening og forsaking av god mat skulle kronast med suksess. Eg rekna med å visa dei fleste syklistane ryggen min denne dagen. Etter å ha ete og drukke etter alle sykkelsportens reglar, sett over utstyret og sjekka bremser, gir og lufttrykk, var eg klar. Adrenalinet steig i kroppen i takt med nedteljinga mot start. No eller aldri. Eg posisjonerte meg i fremste rekke med den høgre foten fastklikka på pedalen og den andre klar til å sparka frå. Pulsteljar og klokke var aktivert slik at eg skulle ha full kontroll heile tida. Rittleiaren ynskte oss god tur og så small det. Eg kjende at villdyret vakna i meg, og trødde til. Det var overraskande å oppleva at konkurranseinstinktet kunne vera så sterkt i ein aldrande skrott.

Alt etter nokre få meter kjende eg at noko ikkje stemde. Det var nett som om noko drog i høgre foten min og teita han meir og meir fast. Det vart umogeleg å trø meir, og sykkelen stoppa. Konkurrentane for ifrå meg, og eg stod åleine igjen midt på vegen og såg etter ryggar som forsvann i det fjerna. Etter kvart fann eg ut kva som var rota til det vonde. Eg hadde ikkje knytt skolissa mi skikkeleg, så ho hadde losna og tvinna seg grundig inn i tannkransen på bakhjulet. Det tok meg minst 10 min. å få orden på dette. Det betydde at dei andre syklistane hadde passert Jektavik medan eg stod einsam igjen på Rommetveit. Mismotet seig innover meg. Borte var både villdyret, adrenalinet og konkurranseinstinktet. Tenk å trena eit halvt år og så berre koma seg knappe 40 meter av garde. Eg pakka saman meg og mitt og køyrde i sørgjefart heim igjen til Fitjar.

Dette er nokre år sidan, og eg lærde at ein ikkje skal leggja ambisjonsnivået så altfor høgt når nyttårsforsett skal realiserast. Den gylne middelveg er ikkje så dumt. Ein må gje plass til meir enn berre ein ting i livet. No syklar eg litt mindre og et litt meir. At eg er på rett veg stadfesta barnebarnet mitt for nokre dagar sidan der ho stille sat i ein stol, med hovudet litt på skakke, og betrakta meg. Så sa ho: Du bestefar. Du ser ut nett so ein globus.

Godt nyttår!

Halvard Wiik,
Fitjar

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut