annonse

Olje- og demokratiutvikling i Afrika

Feil retning
Feil retning: På kartet ser me at medan Europa og nord og sør Amerika stort sett er frie, så er det mange land i Afrika og Asia som ufrie. Dei fleste oljeproduserande landa i Afrika er framleis ufrie sjølv etter fleire tiår med demokratistønad frå vestlege land. Unnataka er Tunisia, Ghana og Nigeria som alle har hatt ein positiv demokratisk utvikling. I Gabon har utviklinga gått i negativ retning. Trass i alle føresetnader for å utvikla landet i positiv retning, går landet i ein diktatorisk retning. Kjelde, www.freedomhouse.org
Forfattar
Forfattar: Torleiv Tislevoll. (Foto: Privat)

  • Meiningar

Sidan i fjor sommar har eg hatt gleda av å arbeide for eit norsk selskap i Gabon i det sentrale Afrika i samband med installering av ein FPSO, eit flytande offshore produksjonsfartøy, rett sør for ekvator i Guineabukta. Eg har brukt fritid og helger til å gjera ferdig ein mastergrad i Demokratibygging ved Universitetet i Bergen som eg har putla på med gjennom nokre år. Temaet for masteroppgåva er «Demokratiutvikling i afrikanske oljestatar».

Fyrst litt om demokrati og demokratiutvikling generelt. Som nordmenn har me fått inn demokratiet med morsmjølka. Noreg er rangert som verdas mest demokratiske land i godt selskap med dei andre nordiske landa samt New Zealand, Canada og Nederland. Våre demokratiske tradisjonar går tilbake til vikingtida. Rundt i Noreg hadde me tingplassar kor sjølvstendige frie bønder møtes som likemenn. Vår grunnlov frå 1814 var inspirert av den franske og amerikanske konstitusjonen og var eit viktig element i norsk demokratisk utvikling. Me snakkar riktig nok ikkje så høgt om at det tok nærmare 100 år før jødar og jesuittar var velkomne til riket og til kvinner fekk røysterett. Med eit kritisk tilbakeblikk ser me også at vårt forhold til ymse minoritetar heilt fram til notida ikkje er noko me er stolte av i dag.

Demokratiutvikling i verda har skjedd i bylgjer. På attenhundretalet etter den franske og amerikanske revolusjonen kom den fyrste bylgja av demokrati. I vår tid starta ei ny bylgje når Portugal, Spania og Hellas tidleg på syttitalet gjekk frå å vera diktatur til å bli demokrati. I Etterkant, på åttitalet, falt kommunismen og Russland og dei aust europeiske landa gjekk i demokratisk retning. I same periode kvitta dei fleste sør amerikanske landa seg med sine militærdiktatur og innførte demokrati. Tidleg på nittitalet blåste demokrativinden over Afrika sør for Sahara og dei fleste landa innførte fleirpartistyre og regelmessige val på president og nasjonalforsamling. Rundt år 2000 var det såleis rundt 130 demokrati i verda og mange trudde at den store demokratikampen var vunnen ein gong for alle.

Sidan 2006 har demokratiutviklinga gått tilbake i Sør Amerika, i Europa og i Afrika. Fleire land i Aust Europa og tidlegare Sovjet slit med å konsolidera demokratiet. Korrupsjonen er skyhøg og valdeltakinga fallande. Når dei demokratiske partia ikkje greier å levera får populistiske parti på høyre eller venstresida vind i segla. I land som USA, Brasil, Filippinane, Ungarn og Polen har folket dei siste åra valt leiarar som ikkje står for tradisjonelle demokratiske verdiar med det til resultat at pressefridom blir sett på prøve, minoritetar blir utsett og den tradisjonelle maktdelinga mellom den lovgjevande, utøvande og dømande blir truga.

Forfattar
Forfattar: Torleiv Tislevoll. Foto: Privat

Kva så med utviklinga i Afrika? Frå nittitalet og fram til vår tid så har svært mange afrikanske land hatt ein økonomisk utvikling som dei fleste land berre kan drøyma om. Angola sitt bruttonasjonalprodukt (BNP) var 20 gongar større i 2014 enn det var tidleg på nittitalet. Svært mange afrikanske land auka sitt BNP 5–10 gongar i denne perioden. Til samanlikning så er det få vest europeiske land som har oppnådd meir enn å doble sitt BNP. Mange land i Afrika har dei siste tiåra funnet olje. I tillegg til landa i Nord Afrika så er Angola og Nigeria blitt store oljeprodusentar. Det er interessant å sjå at det ikkje berre er oljelanda som har hatt ein eventyrleg økonomiske veksten men også land som Elfenbeinskysten, Rwanda, Etiopia, Kenya og Uganda. Etter den demokratiske gjennombrotet på nittitalet fekk dei vestlege landa blod på tann og mykje bistandsmidlar blei i dei neste tiåra kanalisert til demokratiutvikling og støtte. Midlane har gått til å byggja demokratiske institusjonar, utvikla rettsvesenet og politiet, utvikla konstitusjonen, hjelpe til valgjennomføring samt stønad til å utvikla ei frie presse og stønad til forskjellige organisasjonar som jobbar med å utvikle det sivile samfunn. Freedom House er ein av dei leiande internasjonale institusjonar når det gjeld å fylgja demokratiutvikling i verda. Dei kategoriserer verdas land i tre kategoriar: Frie, Delvis frie og Ufrie.

Å finne olje gjev eit land store mogelegheiter. Norge var eit av dei mest demokratiske land i verda når me fann olje på slutten av sekstitalet. Me hadde såleis demokratiske institusjonar på plass i tillegg til kloke politikarar som ville byggja landet og såleis fordela oljeinntektene tilbake til folket. Ofte blir funn av olje og andre naturressursar til ei forbanning for landet. Omgrepet Hollandsk sjuke kjem frå Nederland der funn av olje og gass på sekstitalet førte til at politikarane mista kontroll over økonomien og skadeverknadane prega landet i fleire tiår. Det same skjer i mange land i tredje verda når dei finn olje. Landet blir avhengig av store låneopptak for å finansiere utbygging, store inntekter fører til at økonomien tar heilt av og staten mistar kontrollen. Eit nyleg eksempel er Venezuela som er ein av verdas største oljenasjonar men som i dag er avhengig av hjelp frå utlandet for å brødfø eigen befolkning.

Det har vore eit spanande år i fleire afrikanske oljestatar. I Algerie og Sudan har folket gjennom fredelege demonstrasjonar kvitta seg med makthavarar som har sete med makta gjennom fleire tiår. I Kongo blei det gjennomført eit demokratisk presidentval og sitjande president gjekk av utan at det førte til stor uro. Me veit ikkje kva for ein veg Algerie og Sudan går. Begge landa har sterke leiarar knytet til militæret som ikkje ynskjer å gå for fort fram for å demokratisere landa. I Kongo har stemninga i folket siste tida vore euforisk rundt innsettinga av ny president etter mange tiår med ufred, borgarkrig og autoritært styresett.

Gabon, juni 2019

Torleiv Tislevoll

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut