annonse

Om Kjøtteinen/Tjøtteinen

Lesarinnlegg
Lesarinnlegg: Gisle Tjong skriv til Per Jan Ingebrigtsen om Kjøtteinen/Tjøtteinen. (Foto: Magne Kydland/Arkiv)

  • Meiningar

Eg viser til innlegget frå Per Jan Ingebrigtsen om Kjøtteinen/Tjøtteinen.

For det første har eg aldri sett andre skrivemåtar enn Kjøtteinen (ein sjeldan gong Kjøtteigen). Og eg har leita gjennom fleire hundre utgåver av Systemposten, pluss nokre jubileumsbøker.

For det andre har Kari Lønning Aarø ein interessant teori, som ein finn i Systemposten nr 1/84, til ferien det året.

Ho skriv, og det kan eg stadfesta, at det ofte kan blåsa veldig kraftig akkurat der, og då tenkjer ho på substantivet pjotr, som tyder vind, og verbet pjota, som tyder å dura, brusa, susa, osb. På gamalnorsk, sjølvsagt.

Norrøn p=t på norsk, jamfør Phordur Jonasson, den siste båten frå den store beddingen, sjøsett på skotårsdagen i 1964.

Då kan ein lett tenkja seg at tjotr over tid vert til tjøtt, som igjen vert til kjøtt. Og at det kan ha vore Tjøtteinen ein gong. Langt tilbake.

Teinen, eller teigen, er ei stripe land, tynne pinne eller stong, jamfør Kjøtteinståno.

Kjøtteinen vert, etter hennar, og mi tolking, dårett og slett Vindneset. Nett som me har Vindenes i Fjellkommune, på Sotra.

Gisle Tjong

PS: På mitt sjøkart, frå 1952, står det Kjøtteigen. I kjøpekontrakten frå 03.10.1918, står det Kjøtteinsvikjo.

I eit dikt frå 50-årsjubileet, 1969, står det Kjøtteigen, der bolingar samlast, ku og geit (killing/Killingvikjo) og fe.

Og det finst norske namn med Kjøt, som Kjøtvika, Kjøtvikbukta og Kjøtvikfjellet, på Sørøya i Finnmark.

Like utanfor Harstad ligg øya Kjøtta. I Eikesdalen har me Kjøtåfjellet. Og i Midtre Gauldal har me ein storgar dom heiter Kjøtrød.

Og der er mange namn med Kval, som Kvalsund, Kvalvik og Kvaløy. Kan sjølvsagt tolkast som kvalkjøt.

D.S.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut