annonse

Oppsiktsvekkjande studenttal

Meiningar
Meiningar: Anders Grov Nilsen er ikkje uroa over HVL Campus Rommetveit. (Foto: Arkiv)

  • Meiningar

Analyse av søkjartal til høgare utdanning er ei krevjande oppgåve. Sunnhordland skriv på leiarplass (29.4) om det oppsiktsvekkjande låge talet studentar som har Rommetveit som førsteval som studiestad komande haust: «I 2017 hadde 473 søkjarar Stord som førsteval, medan det i år berre er 361 som primært ønskjer å studera på Høgskulen på Vestlandet (HVL) si avdeling på Rommetveit.»

Lokalavisa fryktar at dette er starten på slutten for Stiftseminariumet (frå 1839), at det «er forvitringa av Seminarien som me ser starten på», og ber leiinga gjera grep. Rektor Rokne kan ikkje anna enn å avkrefta nedleggingsplanar (10.5.19).

Talet er oppsiktsvekkjande. Berre 361 personar har som sitt primære mål å studera på Rommetveit, skriv avisa på leiarplass. Det er oppsiktsvekkjande - fordi det er feil. Utsegna mi treng ei forklaring.

Ved vår høgskule har me fleire søknadsfristar. Dei mest kjende er 1. mars (lokalt opptak) og 15. april (samordna opptak). I tillegg til dette kjem ulike andre fristar og søknadsordningar (t.d. via Utdanningsdirektoratet).

Sunnhordland har truleg berre brukt 15. april-talet, men kva då med dei 694 studentane som søkte 1. mars og som har Rommetveit som førsteval? Legg me til desse, får me over 1000 (1055).

Og enno har me ikkje teke med dei som søkjer via andre kanalar og fristar. Berre for mitt fag (IKT i læring og Profesjonsfagleg digital kompetanse) som har sitt hovudsete på Osahaugen på Rommetveit, reknar me med å ta inn mellom 300-500 studentar. Desse kjem i tillegg til dei 1055!

Professor i kommunikasjonsteknologi og samfunn Manuel Castells, fekk i 2012 Holberg-prisen for si verdsleiande forsking om byar, urbanisering og informasjons- og medieteknologi. Like etter, i 2013, heldt han føredraget «The University: From Theology to Technology» om «the need for global outreach» (om trongen for større rekkevidde).

Føredragstittelen kunne ikkje passa betre for høgskulemiljøet på Rommetveit. Då ein i 1866 hadde 64 seminaristar i den nye hovudbygningen på Rommetveit, var hovudinngangen vend mot sjøen. Sjøen var ferdslevegen, Klingenberg hadde dampskipskai, og på dei få hundremetrane opp til seminariumet passerte ein lenge eit par daglegvarebutikkar, bakeri og postkontor. I 1995 vart hovudinngangen arkitektonisk snudd og asfaltert.

I dag sjekkar studentane studietilboda på Internett eller i ein app. Kan hende er det difor at me på det Rommetveit-baserte masterstudiet IKT i læring, i år opplever dei beste søkjartala sidan oppstarten i 2003.

Visst er det nedgang på spesifikke lærarutdanningar, men det er også ein nasjonal trend. Det me har vore flinke til på Seminariet-Stord offentlege lærarhøgskule-Høgskulen Stord/Haugesund-Høgskulen på Vestlandet, er omstilling og utvikling. Dei siste åra har me innan lærarutdanninga tilpassa oss marknaden slik at me gir «læring heile livet» lærarutdanninga vert tidsriktig og moderne (faglærar, master, deltid, arbeidsplassbasert, PPU, lærarspesialist, DEKOMP, etc.).

Dersom situasjonen er slik lokalavisa vår fryktar, så er det like før det vert permitteringar på Rommetveit, men eg finn ikkje ein einaste kollega med for lite å gjera. Tvert i mot finst det ein heil del vakante stillingar (berre i IKT i læring på Rommetveit lyser me etter tre 100%-stillingar no i mai).

...og med ferske SSB-tal om skrikande behov etter lærarar og sjukepleiarar i framtida, vil eg sjå den rektoren eller politikaren som føreslår nedlegging av campusen på Rommetveit.

Anders Grov Nilsen,
førstelektor IKT i læring,
Høgskulen på Vestlandet

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut