annonse

«Opsjon til å seia nei – etter valet»

Debatt
Debatt: «Stord Frp har større ambisjonar for folketalsutviklinga i kommunen enn resten av kommunestyret», skriv Reinert Svanberg (Frp). (Foto: Olav Røli/Arkiv)

  • Meiningar

Me i Stord Frp gjekk i komitemøte 28. mai inn for bygging av 25 meter svømmebasseng og klatrehall i samband med bygging av ny Nysæter ungdomsskule. Me ville og ha med opsjon på basishallen. I tillegg ville me at elevane skulle inn i mellombels skule snarast, slik at dei ikkje treng vente lenger enn naudsynt på skikkelege tilhøve. Alt vart nedstemt mot vår stemme.

Om ein vel utbyggingsalternativ 1 eller 3 er ikkje det springande punkt, sjølv om alternativ 1 er det einaste med sitjeplass til ein full skule i amfiet. Stord Frp har større ambisjonar for folketalsutviklinga i kommunen enn resten av kommunestyret, så me meiner me er nøydd til å ta høgde for at skulen kan bli full.

Me er no likevel glade for at Ap-koalisjonen endeleg har snudd og opnar for opsjonar på klatrehall og eit skikkeleg basseng. Dei må no la den politiske prestisjen fare og også inkludere basishallen på opsjonslista – den har dei nemleg «gløymt». Dette kan og bør dei enkelt avklare i kommunestyremøtet i slutten av juni. Dei må og tydeleg kommunisera at om totalprisen kjem innanfor ramma så vil opsjonane bli utløyst.

Om valet gir Stord Frp ei hand på rattet vil det bli bygd ein skule for framtida med 25 meters basseng og klatrehall. Basishallen vil også bli bygd om den kjem med som opsjon og er nokolunde innanfor den økonomiske ramma. Det er difor viktig at veljarane som ivrar for eit godt anlegg og tilbod for heile Stord, ikkje berre Sagvåg, stemmer Frp.

Reinert Svanberg,
6. kandidat,
Stord Frp

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut